UiO er personvernversting

Framtida
Publisert
Oppdatert 06.11.2017 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Universitetet i Oslo har i fleire år vore ein versting når det gjeld personvern. Nyleg blei det oppdaga at UiO hadde publisert personnummer til 959 studentar via mastergradsarkivet Duo.

LES OGSÅ: Dårleg personvern i skulen
– Det skjer fleire personvern-glepper på UiO enn det gjer blant alle dei andre utdanningsinstitusjonane til saman, fortel direktør Ove Skåra i Datatilsynet til Universitas.

Etter eit søk i saksbehandlingssystemet stadfester han at det sidan 2009 har det vore 11 avviksmeldingar som gjeld publisering av sensitiv informasjon, fødsels- og personnummer tilhøyrande studentar ved UiO. Ved andre utdanningsinstitusjonar i Noreg, har Datatilsynet berre registrert tre tilfelle i same periode.

Skåra trur dette delvis kan bli forklart ved at UiO har eit eige personvernombod og betre rutinar på å melde frå.

LES OGSÅ: – Kvifor skal me elevar akseptera det?

– Mange andre institusjonar blir kanskje aldri klar over at dei har feilpubliseringar, og unnlèt i verste fall å melde frå til oss, fortel han.

Underdirektør Johannes Falk Paulsen ved UiO beklagar feilen.

– Dette skal ikkje skje. Så enkelt er det. Men det er utfordrande å sikre at alle tilsette har rett kompetanse, og har rett søkjelys til kvar tid i ein så stor organisasjon som UiO, seier Paulsen. (©NPK)

LES OGSÅ: Framtidsbrille problem for personvernet