Torbjørn Røe Isaksen vurderte å bli prest

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vurderte å bli prest

Er du blant dei som bit negler og riv deg i håret, medan du nistirer på «SØK HER à»-knappen på Samordna Opptak?

Reknar du poeng om att og om att, medan du lurer på om du skal bli noko kreativt innan media (arbeidsledig), eller kanskje høyre på mor og vert ingeniør eller sjukepleiar (ikkje arbeidsledig)?

Det er éi veke til søknadsfristen for høgare utdanning 15. april går ut.

LES OGSÅ: Større skilnad på høgt og lågt utdanna

Fortvil ikkje. Her får du råd frå sjølvaste kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Han fortel i ein epost til Framtida.no at han sjølv som ung var usikker på kva han skulle bli.

– Eg vurderte både presteutdanning, lærarstudiet og barnelege før eg enda opp med statsvitskap. Det var eit studium som passa meg og som eg har hatt stor glede av som politikar, skriv Røe Isaksen.

Råd til dei som slit med å bestemme seg
Han skriv at han har stor forståing for at mange unge kan synast at alle studiemoglegheitene er overveldande.

– Dei unge bør følgje hjartet i val av studiar, men om dei er i tvil, bør dei bruke hovudet og satse på ei utdanning som gir dei jobb, skriv kunnskapsministeren.

Drøymer du om å bli filmregissør, men har lærar på ein god andreplass, då burde ein ta ei ekstra runde på kva som gir deg ein trygg jobb etter utdanninga, meiner han.

 For i motsetnad til filmbransjen er skulen ein trygg arbeidsplass, med mange moglegheiter, der behovet for arbeidskraft er stort og aukande.

Greit å vere streit
Røe Isaksen skriv at det er fint med dei som følgjer draumane sine uansett.

 Viss ein berre ønskjer å bli filmskodespelar, så bør ein sjølvsagt følgje den draumen. Men viss altfor mange ønskjer å bli filmskodespelarar, er det kanskje ikkje så lett for deg å verte det. Då er det greitt å ha ein backup, i form av lærar eller ingeniørutdanning, dersom den store filmkarriera uteblir. Det er bra for samfunnet at dei fleste vel A4. Det er ikkje noko gale å vere streit.

– Kor viktig har det vore for deg å ha høgare utdanning?

– Det er svært viktig. Eg har hatt stor glede av det eg lærte i studietida. Samstundes er det jo slik at ein aldri kan ta verv som politikar for gjeve, og eg er veldig glad for at eg har ei solid utdanning i botnen, skriv Røe Isaksen.

LES OGSÅ: Studentar vel dårlegare utdanning i utlandet