Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt vedteke i fylkestinget.

I fylkestinget var det 28 som stemde for framlegget om å auka nynorskdelen til 40 prosent, mens 13 stemde for 25 prosent nynorsk. Vidare heiter det at Telemark skal vera eit språknøytralt fylke. Fylkesdirektøren skal også gje årleg oppfølging av språkvedtaket til fylkestinget.

– Vedtaket er eit godt og forpliktande vedtak for nynorsken i Telemark. Me har snakka med mange fylkestingspolitikarar siste vekene fordi me meiner språkpolitikken er viktig for både innbyggjarane og skuleelevane i Telemark. Me er veldig glade for at mange av våre innspel har blitt lytta til, seier leiar Einar Søreide i Telemark mållag i ei pressemelding.

Det går om lag 1700 nynorskelevar i grunnskulen i Telemark i dag, og dei er fordelte på ni kommunar.

– Telemark fylke er både nynorsk og bokmål. Då var det viktig at fylkestinget vedtok eit kompromiss for begge dei to skriftspråka, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.