Sosialistisk Ungdom, Unge Høgre og Raud Ungdom veks mest blant ungdomspartia

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Utruleg artig, seier SU-leiar Andrea Sjøvoll om at partiet fekk 286 fleire betalande medlemmar i 2017.

Det er det beste medlemstalet på fleire år for Sosialistisk Ungdom.

– Dette viser at fleire er einige med oss i at regjeringa fører oss i feil retning med auka forskjellar mellom folk, seier Andrea Sjøvoll.

Ho trur også kampen mot fråværsgrensa har vore ei sak som har gitt dei fleire medlemmar.

Beste nokon gong

Generalsekretær i Raud Ungdom, Anja Ariel Tørnes Brekke, seier at medlemstalet for Raud Ungdom er det beste nokon gong.

Generalsekretær i Raud Ungdom, Anja Ariel Tørnes Brekke. Foto: Raudt

Raud ungdom la i 2017 om måten dei reknar betalande medlemmar på. Tidlegare har dei som har betalt éin gong dei siste to åra blitt rekna som betalande medlem. Med den nye måten å rekna på får partiet ein vekst på 150 medlemmar.

– Me fekk mange medlemmar i valkampen, fortel Anja Ariel Tørnes Brekke. Ho set det i samanheng med at Raudt kom inn på Stortinget for første gong, og kampen mot fråværsgrensa.

– No er det vår jobb å sørgja for at medlemmane blir hos oss, seier ho.

AUF har mista mest dei siste to åra

Størst nedgang for ungdomspartia har AUF. Sidan i fjor har AUF mista 508 medlemmar, og sidan 2015 har AUF mista 962 medlemmar.

Det har førebels ikkje vore mogleg å få ein kommentar frå AUF om nedgangen.

Senterungdommen fekk 213 færre medlemmar i 2017, og FpU gjekk ned med 81 medlemmar.

Sandra Bruflot er fungerande leiar i Unge Høgre. Foto: Unge Høgre

Unge Høgre veks igjen

Ondag opplyste Unge Høgre at dei hadde hatt eit bortimot uendra medlemstal, men førebelse tal torsdag ettermiddag viser at partiet hadde ein vekst på 298 medlemmar samanlikna med 2016.

– Det er svært gledeleg. Spesielt fordi det kan vera lettare å verva medlemmar når ein sjølv ikkje sit i posisjon i regjering. Ungdom er gjerne litt meir i opposisjon til det etablerte. I tillegg har me hatt nokre vanskelege saker siste året, med fråværsgrensa som eit godt døme på ein sak der ungdommar kan vere usamde med oss og Høgre, seier Sandra Bruflot, fungerande leiar for Unge Høgre.

LES OGSÅ: Ekstrem medlemsvekst for Liberalistisk Ungdom

Medlemstal 2017 (endring frå 2016):

RU: 645 (+150)

SU: 1120 (+286)

AUF: 13174 (-508)

SpU: 1845 (-213)

GU: 513 (+39)

KrFU: 1386 (+24)

UV: 1437 (+22)

UH: 4001 (+298)

FpU: 2000 (-81)

LibUng: 1500 (+80)

Totalt: 27621 (-210)