Røde Kors fryktar rekordsommar

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bed styresmaktene ta meir ansvar i fjellet

Heile 15 aksjonar er registrert frå dei frivillige i Hjelpekorpsa ved Trolltunga så langt i sesongen. Det er tre gonger så mange som på same tid i fjor. I 2016 blei ikkje like mange aksjonar registrert før slutten av juli. Generalsekretær i Røde Kors, Bjørn G. Apeland er bekymra.

– Vi er allereie ein heil månad på forskot med talet på redningsaksjonar ved Trolltunga, og har enno ikkje sett starten på høgsesongen eller den krevjande haustsesongen. Det bekymrar oss, uttalar han i ei pressemelding.

Røde Kors-president Bernt Apeland bed styresmaktene ta meir ansvar for redningsaksjonane ved populære turistmål. Foto: Røde Kors

Selfie-turismen utfordrar

Turisme til Noreg har auka vesentleg den siste åra. Spektakulære bilete av norsk natur i sosiale medium verkar som ein magnet på selfie-turistar verda over, forsterka av marknadsføring av offentlege og private aktørar nasjonalt og lokalt.

Nokre populære turistdestinasjonar, som Trolltunga, har fått merke dette spesielt. I 2013 hadde Trolltunga 20.000 besøkande. Ved utgangen av september 2016 var talet oppe i 100.000. Estimatet for 2017 ligg på mellom 100.000–160.000 turistar.

Apeland ber aktørar som oppfordrar til og tener på selfie-turismen om å ta eit mykje større ansvar for tryggleiken til turistane.

– Viss turistane blir ønskte aktivt velkomne, så må vi også aktivt sørgje for å gi dei ei trygg oppleving.

– Det betyr investeringar i stiar og vegar, nødbuer og skilting og ikkje minst tilsynsvakter eller fjellvakter langs rutene, seier han.

– I verste fall kan liv gå tapt

Reiselivsnæringa lanserte nyleg informasjonsfilmar som forklarer korleis besøkande turistar kan vere best mogleg førebudd på møtet med norsk natur. Apeland er glad for initiativet.

– Det er viktig med god informasjon og slike filmar kan gjere det lettare å planleggje reisa. Samtidig er det viktig å streke under at dette berre er eitt av mange tiltak som bør bli sett inn for å redusere talet på aksjonar og gi gode og trygge turar i fjellet.

Røde Kors-sjefen besøkte sjølv Trolltunga nyleg, og ber no om at allereie varsla tiltak som fjellvakter kjem i gang.

– Meir forpliktande tiltak må på plass for å sikre at alle som treng hjelp får det. I verste fall kan liv gå tapt. Styresmaktene, reiselivsnæringa, frivillige og kommunen må gå saman om å finne gode løysingar som både førebyggjer og gjer det lettare å gi hjelp, seier han.

Apeland ber regjeringa løyve nok ressursar til redningsarbeid og frivillige.

– For å unngå langvarig slitasje og styrke redningskapasiteten bør ein straks vurdere å innføre lønnskompensasjon for tap av lønn for frivillige redningsmannskap tilsett i private selskap.