REISEBREV #1

Dagane går med til skrivearbeid – og til å ta seg pausar frå arbeidet. Under slike pausar kan ein til dømes ta ein rusletur i nærområdet, og under slike rusleturar er det først og fremst ein ting som har slått meg: Det er utruleg mange gamle folk her. Eller, sagt på ein annan måte: Det er veldig få unge folk.

Ein må difor spørje seg: Kor er dei unge? Svaret på dette spørsmålet er svært enkelt: Du burde vite kor dei er, for du ser dei kvar dag. Polske kvinner og menn som køyrer bussen du tek til skulen, vaskar rumpene til besteforeldra dine, bygg hytter og hus og fjerner avfall. 100 000 polakkar bur og arbeider i Noreg. Nesten alle har kome til Noreg etter at Polen vart medlem av EU, i 2004. Dei gjer ikkje mykje utav seg, men dei gjer eit arbeid som elles ikkje ville verte gjort, dei hjelper til slik at hjula går rundt, du ville merke det om dei ikkje var der.

Som nemnt er Krakow ein praktfull by. Det er ikkje ein slik stad du forlét fordi du vil, men fordi du ikkje synest du har noko anna val. Det er òg svært billeg her, og når dei same varene kostar ein firedel her av kva dei gjer i Noreg, kan det berre skuldast ein ting: Dei som har som arbeid å selje varene, får utruleg lite betalt. Det same gjeld utan tvil for andre yrkesgrupper.

Altså, i fall det skulle vere nokon tvil: Det handlar om pengar. Når ein polsk ingeniør reiser til Noreg for å arbeide som snikkar, er det altså ikkje fordi han synst det er så mykje kjekkare å snikre enn å arbeide i det yrket han har utdanna seg til, men fordi han kan tene meir pengar på å byggje fritidsbustader (altså: Bustader ein ikkje eigentleg treng) til rike nordmenn, enn på å planleggje gode bygningar og vegar i heimlandet.

Det er òg ein del nordmenn her. Mange studerer medisin, og vil etter enda utdanning ha få problem med å få relevant arbeid i Noreg. Der vil dei kanskje møte igjen ein del av sine polske tidlegare studiekameratar, ikkje som kollegaer på sjukehus og legekontor, men som vaskehjelp, røyrleggjar, barnehageassistent. Ikkje noko gale med nokre av desse yrka, men det er ikkje medisinsk utdanning ein treng for å kunne utføre dei tilfredstillande.

Er det eit problem at så mange reiser frå Polen til Noreg for å skulle kunne tene pengar? Etter mitt syn: Nei og ja. Det er ikkje eit problem at dei kjem til Noreg (dei gjer, som nemnt, utmerkt og viktig arbeid) – men det er eit problem at mange polakkar med høg kompetanse forlét heimlandet for å fylle ledige plassar i norske lågstatusyrke, for å ta jobbane vi ikkje vil ha.

For Polen er det eit problem at ein brukar ressursar på å utdanne fagleg kvalifisert personell, som etter enda utdanning forlét landet, og oftast ender opp i eit yrke kor dei ikkje får nytte fagkompetansen sin. For Noreg er det eit problem at vi etter kvart vil verte vane med å ha ein importert underklasse som gjer alt det tunge og keisame arbeidet vi ikkje sjølv vil. Det har korkje vi eller dei fortent.