Ottar Grepstad sluttar i Nynorsk kultursentrum

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ottar Grepstad har sagt opp stillinga si i Nynorsk kultursentrum og blir pensjonist frå 1. november 2018. Styreleiar Lodve Solholm informerte dei tilsette om oppseiinga på allmøte i går ettermiddag, før eit ekstra styremøte. I eit ordinært møte neste veke fastset styret prosessen med å finne etterfølgjaren.

Grepstad blir 65 år 1. oktober.

– Eg kan kalenderen og ante at dette kunne kome, men skulle ønskje det ikkje kom alt no, seier Solholm i ei pressemelding.

– Ottar Grepstad har vore direktør i 19 år, og styret er svært glad for at han blei så lenge. Under hans leiing og gode samarbeid med styre og råd er Nynorsk kultursentrum blitt ein nasjonal kulturinstitusjon av dei sjeldne.

– Som den første forelskinga

– Å få lov til å byggje opp noko, tilsetje dei ein vil samarbeide med og oppdage alt dei har å fare med, er som den første forelskinga, seier Grepstad.

– Den som sjølv får lov til å prøve og feile, gir andre same sjansen. Eg har så mykje å takke råd, styre og medarbeidarar for at eg ikkje anar korleis eg skal få gjort det.

Grepstad blei tilsett som direktør i 1999 og var med det den første fast tilsette i Nynorsk kultursentrum. I valet mellom åremål og fast stilling den gongen valde han fast stilling og sa at han kom til å slutte brått.

– Det var mest ei påminning til meg sjølv om å styre unna det eg kallar repetisjonens spiral. Eg har vore redd for å bli verande for lenge, og i fleire år har eg arbeidd med å gjere meg til ein som Nynorsk kultursentrum klarer seg utan, seier Ottar Grepstad.

Har vakse til stor institusjon

Stiftinga Nynorsk kultursentrum blei skipa i 1993 for å drive Ivar Aasen-tunet. Til hausten rundar stiftinga 25 år med 20 fast tilsette som driv tre museum, tre festivalar, eit digitalt leksikon og ni andre nettstader. Fleire store prosjekt er i arbeid, og budsjettet for 2018 er på 33,5 millionar. Nynorsk kultursentrum er utan langsiktig gjeld og hadde ved årsskiftet ein samla eigenkapital på fem millionar.

I åra som direktør har Ottar Grepstad skrive eller redigert over 20 bøker og halde fleire hundre foredrag. Han var rådsmedlem i Norsk kulturråd 2005–2010 og styremedlem og seinare styreleiar i Språkrådet 2006–2015. Grepstad har heile tida leidd arbeidet i Nynorsk forum og har frå 2016 vore leiar i International network of language museums.