Odd Nordstoga er kløyvd

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den høgt elska, men også odde, musikanten blir dratt mellom å lage låtar som er lett, rask og underhaldande pop – og dei han kallar «meir ettertenksame, akustiske og varmhjarta».

Derfor seier Nordstoga at han ser opp til Karl Ove Knausgård og andre som «verkeleg klarer å grave seg ned».

– Tenk å klare å halde seg til éin idé gjennom tusenvis av sider, som Knausgård gjer? Eller sjå på Leif Ove Andsnes, han klarer å halde seg til klassisk – utan å begynne å spele jazz! Så ser eg på meg sjølv og korleis eg veivar litt hit og dit musikalsk, seier han skeivt:

– Eg er ikkje ein rein folkeartist, ikkje i det heile tatt nokon rein rockar, eller popartist. Eg har nokon årer som går hit, andre årer som går dit. Om det er ein styrke eller ein veikskap, veit eg ikkje. Av og til prøver eg, men klarer ikkje å halde kursen heilt rein – fordi du ikkje styrer sjølv kva slags låtar som kjem, seier Nordstoga, med karakteristisk blanding av alvor og undring, til NTB.

Men no har han gjort eit nytt val: Å prøve å vere fornøgd med å vere «her og der».

I godt selskap med Beatles

– Ein får ein del feil gjennom livet, og eg er blitt bestemt og bevisst på ikkje å la meg dupere, men ha tru på meg sjølv som låtskrivar. Eg er blitt sterkare, har lært meg å ha tru på låten slik den er i hovudet mitt. Sei til meg sjølv «dette er bra».

Derfor er det nye dobbeltalbumet frå Nordstoga, kalla «Kløyvd», ei reise i det eklektiske, både i tekst og i melodiar, produsert av han sjølv og Bård Ingebrigtsen i Amper Tone-studioet.

– Samtidig er eg usikker på om eg likar at musikken min er såkalla eklektisk. Men det er fint å ikkje la seg presse inn i eit format. Eg er i godt selskap, seier han og drar fram «White Album» til Beatles.

Eg er ikkje ein stein som går rundt i verda, eg har lyst til å tilpasse meg. Og bli spelt på radio!

– Popmusikk er ei gryte, der alt går oppi. Eg lever ikkje i ei tid der musikk = vokal og hardingfele, men i ei tid der alt er tilgjengeleg og kor vi blir bombarderte med inntrykk. Eg er ikkje ein stein som går rundt i verda, eg har lyst til å tilpasse meg. Og bli spelt på radio! seier han lurt:

– Eg skammar meg ikkje over at eg både har laga nokon anvendelege låtar som kan komme på radio, for det er viktig. Men dei som ikkje kjem på radio, kan gjerne få leve sitt eige liv på seks minutt. Her slepper eg ut alt, seier han om det nye albumet.

Todelt: – Eg er ikkje sikker på om eg liker at musikken min er eklektisk, seier Odd Nordstoga – som lar mangfaldet få fritt utløp på den nye plata «Kløyvd», som kjem ut fredag. Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Ingen kvile og fred for Odd

Der tar også tekstene opp tematikken om å finne plassen sin, kjenne på det å vere delt mellom ulike roller.

– Kanskje slikt ein tenkjer på når ein blir 45 år? Det blir ekstra tydeleg når ein er musikar, og lever eit omflakkande, fragmentert liv. Eg får tid til å fiske med far min éin gong i året, seier Odd Nordstoga.

I melankolske «Kvile og fred» , som avsluttar albumet, byr han på tekstlinjer som: «Men det er mange som meg, som driv langs eit liv og prøvar å finne ein stad og seia: «Her er det. Her var det det var». Men det blei ikkje det. Nei, alt du kan be om er kvile og fred. At pipa skal brenne i kvile og fred»

– Vi skal rekke så mykje. Der vil eg forandre meg. Ikkje jage så mykje, seier Nordstoga.

Men først skal han ut på turné for å spele eit tjuetals konsertar frå 23. februar til langt uti mars – mens sommarfestivalane ventar i fleng.

Vi skal rekke så mykje. Der vil eg forandre meg. Ikkje jage så mykje

Sosiale medium

Odd Nordstoga har vist seg aktiv i sosiale medium, der han midt i lanseringsintervjurunden for «Kløyvd» sørgjer for å filme ein videohelsing og dele at han har laget «sin første ordentlege musikkvideo». Den er til «Halleluja» – og byr blant anna på Nordstoga i frisk dans i kjole og kvitt.

– Mitt hovudfokus i livet er ikkje å fylle opp Instagram og Facebook, men eg er flink der. Det er slik artistar held kontakten med publikum om ein ikkje får snakke med sånne som deg. Av og til er kvaliteten på sveisen og lydkvaliteten deretter. Det er litt rart, det blir kvardagsleg å dele. Sjølv Tom Cruise legg ut eit bilete av seg sjølv og skriv «hei», funderer Nordstoga, som trur han har fans som er «trivelege, snille og koselege folk».

– Dei spør om selfie, og det er heilt supert. Det må vere mange tusen, sikkert ofte dårlege bilete av meg med dårleg smil eller blunking. Det å vere synleg kan ta litt overhand, så eg set av tid til å lage den forbanna musikken. Ja, ikkje skriv «forbanna» då. Det var litt på spøk. (©NPK)

Les siste Odd Nordstoga-nytt her!