NRK beklagar at dei spelte Kjartan Lauritzen: – Ynkeleg

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Fordi ein fyr reagerer på låten min, så legg Noregs største radiokanal seg på rygg som eit ynkeleg krypdyr. Det er skremmande, seier rapparen Kjartan Lauritzen til Bergens Tidende, som først omtala saka.

Lesar reagerte på vulgær tekst

Tysdag trykte Bergens Tidende lesarinnlegget «Hvordan kan NRK Hordaland spille av en så vulgær sang?»

P1-lyttar Gunnar Johnstad seg kritisk til at NRK P1 spelte Kjartan Lauritzen låta «Fredag» fredag 12. juli.

«Hvordan kan en sang med en så vulgær tekst med banning, fyll og sex som hovedingredienser bli spilt? Spesielt med tanke på den meget brede P1-målgruppen, som inkluderer barn og unge,» spør Johstad i innlegget.

Han dreg fram konkrete linjer frå teksta og spør om det vert gjort etiske vurderingar av innhald før låter vert spelt av i NRK Hordaland sine morgonsendingar.

Her kan du høyre og sjå musikkvideoen til låten «Fredag» som kom ut i 2017:

Distriktsredaktør beklaga

I eit direkte tilsvar under lesarinnlegget legg distriktsredaktør i NRK Hordaland, Dyveke Buanes, seg flat.

«Vi ser nå at vi burde sjekket teksten først, for dette ble feil musikkvalg i vår morgensending. Derfor vil jeg beklage til alle som er blitt støtt denne fredagen, og den vil nok ikke bli valgt hos oss igjen. Dette skal vi lære av,» skriv Buanes i tilsvaret. 

Musikar Kjartan Lauritzen, som eigentleg heiter Per Áki Sigurdsson Kvikne er skremt over reaksjonen.

– Det får meg til å tenkje på ytringsfridom. Viss ikkje folk toler dette, kva toler dei då? Dette er jo ikkje ein gong ein grov tekst, men ein tekst om glede, seier Kjartan Lauritzen til Bergens Tidende.

Lauritzen har òg reagert på saka i ei lengre Instagram-historie:

Skjermdump: Kjartan Lauritzen/Instagram

– Ikkje snakk om sensur

Dette er ikkje første gong NRK får kritikk for korleis dei handsamar etiske musikkvurderingar. Tidlegare i år meldte NRK at dei ikkje ville Michael Jackson sine låtar i to veker i samband med dokumentaren «Leaving Neverland», men avgjersla vart gjort om etter krass kritikk.

Distriktsredaktøren i NRK Hordaland seier til Bergens Tidende at «Fredag» gjerne kan spelast igjen seinare, men at det er opp til musikkavdelinga på Tyholt.

Men Buanes står fast ved at det var ein glipp å spele «Fredag» i morgontimane på NRK Hordaland 12. juli.

– Det handlar om innhaldet i tekstane. Han syng blant anna «Kæxar bruke henda for å simulere pumpene». Vi er gjerne litt mildare i morgontimane i NRK P1. Men det er ikkje snakk om sensur, men om å vere bevisst på innhaldet i låtane. Vi må vere bevisst innhald i tekstar på same måte som vi må vurdere innhald i saker vi sendar. Det var vi ikkje her, og det skal vi lære av, seier ho til BT.

Les også intervju med Rainer Kleve, som har laga dokumentarserien Drift: