– Mat er ikkje dyrt i Noreg

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg brukar ganske mykje tid på å handle mat. Men så er eg litt ekstra privilegert, som kan sei at eg er på jobb medan eg gjer det, seier agronom og skribent Siri Helle.

Ho er òg glad for å bu eit steinkast frå Mathallen – og at Bondens Marknad, kooperativ og andre tiltak, gjer det lettare å få tak i skikkelege varer, som ein ser kvar kjem ifrå.

Ho er bevisst, men ikkje fanatisk.

LES OGSÅ: – Me kan ikkje leva på Ikea-møblar  

Prisbevisst minister
For å handle rett er ikkje alltid like lett. Menge omsyn kan kome opp mot kvarandre. Ofte vinn pris over etikk, miljø og berekraft.

– Me har til og med ein landbruksminister som meiner at mat er dyrt. Men mat er ikkje dyrt i Noreg. Me nyttar kring 13 prosent av løna vår på mat og hadde fint tålt opp mot 40 prosent, meiner Helle, som er aktuell med boka Handle rett – lure val i ein matbransje full av juks.

Boka, som tek for seg mat frå jord til mage, tek utgangspunkt i Frå matfatet, hennar faste spalte i vekeavisa Dag og Tid.

LES OGSÅ: – Listhaugs politikk trugar mattryggleiken

Tenke før ein handlar
På hennar eige frukostbord står knekkebrød frå Jacobs, juice frå Sunniva, mjølk frå Rørosmeieriene, leverpostei frå Grøstad gård, ost frå Den Blinde Ku, eit langreist limecurd-pålegg og stangselleri.

Under handlerunden lurte ho på om ho skulle kjøpe norsk konvensjonell eller økologisk stongselleri frå Nederland. Det er slike dilemma ho ofte møter.

Valet hamna på den norske, som såg finast ut.

Ifølgje Helle bruker dei fleste kring fem sekund på å avgjere om dei skal kjøpe ei vare eller ei, men me kunne godt ha brukt 15 sekund.

– Fyrst må ein tenkje råvarer. Jo, nærare råvarene, jo færre hemmelegheiter er det. Michael Pollan, ein amerikansk matskribent, seier at ein skal ete det bestemor di hadde kjent att som mat. No meiner eg at me må akseptere at verda går vidare, og at bestemor  ikkje har alle svara, men me må ete meir mat og mindre matliknande ting. Så må ein ikkje tru at ein skal bli perfekt, tipsar Helle.

Og så har ho trua på økologisk. Ho har jo trass alt teke agronomutdanninga si på Sogn Jord- og Hagebruksskule.

LES OGSÅ: – Nedlegging vil bli eit tap for heile landet

– Absurd situasjon
Ho veit definitivt meir om matvarebransjen enn dei fleste, men eitt spørsmål står ubesvart: Kvar går pengane?

Så lenge me ikkje har innsyn i forhandlingssituasjonen kan me ikkje ha ein komplett diskusjon om norske matprisar, meiner ho.

Konkurransesituasjonen i norsk daglegvarehandel er spesiell. Eit oppkjøp som ventar på godkjenning frå konkurransetilsynet kan fordele matmakta på enno færre hender.

– Det seier noko om kor absurd situasjonen har blitt, at me vurderer om Coop skal få ta over Ica. Sjølvsagt  skal dei ikkje få lov til det. Kvifor må kjedene vere så store for å klare seg? spør Helle, som peikar på at berre to prosent av forbrukarane er nøgd med utvalet i sin daglegvarebutikk.

LES OGSÅ: Målungdommen utfordrar Coop

Aksjon økologisk H-mjølk
Men som forbrukar kan ein betra tilbodet med å spørje etter varer.

– Eg har eit prosjekt gåande spør etter økologisk H-mjølk frå Tine, som eg veit finst, men ikkje har sett i butikk, avsluttar Helle. 

Denne vesle aksjonen vil nok gleda Tine, for det var nettopp det dei oppmoda forbrukarane til å gjere då dei lanserte den etterlengta mjølka denne hausten.

Så spørs det kor mange gongar Siri må spørje før den nye mjølka kjem i kjøleskåpet.