Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 10.02.2023 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Frå eg fekk manuset, så har eg starta og avslutta alle dei skriftlege samtalane med besteforeldra mine på kvensk. Det er ein ganske ny måte å kople generasjonar saman på, fortel Åsne Kummeneje Mellem.

– Vi har aktivt jobba med at du skal kunne ha ho i veska – ho er bøyeleg og toler litt regn. Vi har prøvd å gjere ho enkel å bruke, fortel Åsne Kummeneje Mellem. Foto: Kvenungdommen.

27-åringen er leiar i Kvääninuoret – Kvenungdommen. Torsdag var ho i Alta, saman med nestleiar Kristine Jonas (24), for å lansere ungdomsorganisasjonen si nyaste satsing: Ei kvensk frasebok for unge.

Ein av motivasjonane mine er at eg skal kunne slå opp ord når eg skriv ein e-post eller legg ut noko på Instagram, fortel Jonas, når Framtida.no snakkar med dei på videochat.

– Det er vanskeleg om eg berre kan seie «Eg heiter Kristine» og nokre fargar. Dette er ting ein kan bruke i samtalar, og ting som er gøye å fortelje om. 

No skal unge kvenar kunne seie både «fandens oldemor», «god id», «skal vi pule?» og «ikkje-binær» på kvensk.

Kor kan ein lære kvensk? Nesten ingen plassar.

Vi håpar fraseboka opnar ei ny dør for ungdomslitteratur. Det finst barnebøker på kvensk, og skulebøker til 7. klasse, men frå der er det tomt heilt fram til vaksenlitteraturen, seier Kristine Jonas. Foto: Kvenungommen.

Kristine Jonas har lenge prøvd å lære seg kvensk, men det har ikkje vore enkelt. Ho flytta til Tromsø for å studere kvensk på universitetet, men studiet tek sjeldan opp studentar. Difor bytte ho til samisk.

Det finst nokre skulebøker om kvensk for barn, men berre fram til 8. klasse. Språkkurs vert halde på dei kvenske språksentera i Storfjord, Kvænangen, Vadsø, Porsanger eller Halti.

– Men det er jo ikkje så mange av dei og kursa er på staden, så om du ikkje bur der, kva då? seier 24-åringen.

Kummeneje Mellem seier at dersom ein er ung og skal lære språket, lyt ein òg vere interessert i å anten flytte til eller verte verande der ein har eit språktilbod.

– Du må ta veldig klare avgjerder om du skal lære språket meir enn heilt, heilt enkelt.

Ho skildrar det kvenske miljøet som eit miljø med veldig lite pengar og veldig mange eldsjeler. Det er òg eit miljø prega av alt som manglar, særleg når det kjem til språk:

Fraseboka rommar alle dei tre kvenske varietetane: Porsanger/Nordreisa, Varanger og Elvedal. – Det handlar om synlegheit, og å vete at dei finst, seier Kristine Jonas. Omslag: Ruija Forlag.

Vi manglar forsking, sosiale medium, musikk, kultur og radiokanalar. Vi kjende at vi manglar ei frasebok for ungdom. Då kan vi anten klage og vere irriterte, eller så kan vi lage ho sjølv.

Ungdomsversjonen

Arbeidet med fraseboka starta for to år sidan. Då hadde Åsne Kummeneje Mellem vorte vald til leiar i Kvenungdommen, eit verv ho tok over etter Nora Marie Ollila.

Mellem skildrar forgjengaren sin som «den språklege ryggmergen» i Kvenungdommen.

– Du har middels sjølvtillit når du tek over ein ungdomsorganisasjon utan å kunne språket, fortel Kummeneje Mellem.

Omslag frå: Halti kvenkultursenter IKS.

Kvenungdommen byrja difor å lage ei liste over enkle frasar dei kunne dele på Instagram, for å vise fram det kvenske språket.

Samstundes la organisasjonen merke til at unge kvenar hadde med seg ei bok i veska: Kvensk-norsk frasebok for pleie og omsorg, som inneheld kvardagslege uttrykk og enkle ord.

– Eg har brukt ho mykje sjølv, særleg då eg laga eit radioinnslag om sjekking og ligging på kvensk, men det er ikkje reelle frasar for ein ung person i kvardagen, forklarar Jonas og held fram:

– Det er vokabularet du har på gamleheimen.

– Dei har jo hatt sex, så må jo ha snakka om det

Den kvenske Instagram-lista balla på seg til ei bok, laga i samarbeid med Ruija forlag og Kvensk Institutt, som har stått for omsetjinga.

Kvenungdommen tok tidleg kontakt med medlemmane sine for å høyre kva dei trong. Mest etterspurnad var det etter ord som omhandla kjønn og identitet.

– Det er eit urørt felt innanfor dette språket, og då måtte vi til teiknebordet, fortel Kummeneje Mellem.

I fraseboka finst der no ord for å fortelje både om ein er skeiv, at ein har ein flytande kjønnsidentitet eller at ein er ikkje-binær.

Unge kvenar sit klare for å lære kvensk, men får ikkje ressursane og tilgangen dei treng. Målet med fraseboka er å senke terskelen litt.

– Mange av desse orda fanst ikkje. Dei har ikkje vorte utvikla naturleg, for kvensk er ikkje eit så levande språk blant ungdom, seier Jonas.

Det har teke lang tid å sjekke kva ord som eksisterer og sikre at nyorda er gode nok.

Kvenungdommen har snakka med referansegrupper, og Kvensk institutt har ringt kvenar som bur blant fjord og fjell både i Noreg, Sverige og Finland. I tillegg må nyorda verte godkjende av det kvenske språktinget.

Boka tek føre seg frasar som kan kome til nytte som ung – både å seie «ei øl takk», «er du singel?» og «eg har testa meg og eg har klamydia».

Det er litt artig å ringe til informantar som er litt opp i åra, og spørje om tema dei ikkje har snakka så mykje om før. Informantane syntest òg det var artig å verte utfordra på det – dei har jo hatt sex, og må jo ha snakka om det på eit tidspunkt, seier Jonas.

Sie ole minule kaikki og delikatesseknappen

Kristine Jonas sin favorittfrase frå boka er sie olet minule kaikki, som tyder «du er alt for meg».

– Det er litt fordi eg kan seie det sånn cirka rett, seier 24-åringen og ler.

Åsne Kummeneje Mellem har to favorittar: den første er ystävällisin tervheisin som tyder «med venleg helsing»; den andre er en ymmärä et kvekk som tyder «eg forstår ikkje eit kvekk».

– Og sjølvsaft herkkuknappi! bryt Kummeneje Mellem ut. Ho innrømmer at dette ikkje er første gong ho snakkar om kjønnsorgan på kvensk medan ho sit på kafé.

Illustrasjonane i boka er laga av Astrid Jacobsen som driv Heilo illustrasjon. Ho har sjølv kvenske røter, og var interessert i å lære meir om det kvenske. TRYKK PÅ BILETET SÅ VERT DET STØRRE.

Herkkuknappi tyder nemleg klitoris i elvedalsk og Varanger-varieteten av kvensk. I Porsanger/Nordreisa-varieteten heiter det herskuknappi.

– Det betyr delikatesseknappen, supplerer Jonas.

Ei bok i alle byar

Fraseboka er no lansert og lagt ut for sal på nettsida til forlaget, men Kvenungdommen arbeider framleis med å få ho ut i butikkar.

– Vi håpar alle museumsbutikkane i Nord-Noreg vil ta ho inn, og at ein bokbutikk i alle dei store byane har ho på sikt. Draumen er jo å få kvensk litteratur inn på innkjøpsordninga, seier Kummeneje Mellem.


Illustrasjon: Kate U/Canva. Kollasj: Framtida.no