«Internett er best som bok»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva er litteratur? Er det eit klart skilje mellom det som er litteratur og det som berre er språk? Når det finst forfattarar som Audun Mortensen, er det freistande å svare at kva som helst kan – i prinsippet – gjerast til litteratur.

Legg ein frå seg brillene sine i eit museum for moderne kunst, risikerer ein ifølge rykta å finne museumsgjestar i djupe betraktningar over «kunstverket» i det ein kjem for å sette dei tilbake på nasa. Audun Mortensen er ein forfattar som legg frå seg både eigne og andres briller i bøkene sine, og som regel blir resultatet interessant litteratur.

I debutboka Alle forteller meg hvor bra jeg er i tilfelle jeg blir det (2009), som av Aftenposten blei kåra til årets beste diktsamling, er nokre av dikta skjermbilde av e-post-utvekslingar. Romanen Roman (2010) er Nabokovs Lolita baklengs setning for setning, ein roman som av praktiske grunnar blei generert av eit dataprogram, og som difor teknisk sett ikkje er skriven – eg etter eige utsegn heller ikkje lesen – av forfattaren sjølv. At han også beherskar kunsten å skrive meir tradisjonell, litterær prosa, beviser han i Dyr jeg har møtt (2014).

Det er likevel klart at Mortensen er ein forfattar som problematiserer den tradisjonelle forfattarrolla, han skriv ikkje innanfrå og ut, er ikkje det ein på engelsk vil kalle an author, i staden er han ein slags moderne Asbjørnsen og Moe som samlar inn og nedteiknar det han finn av litterært brukbart materiale i kulturen vår. Somme gongar er det han finn ferdigvare, då består jobben berre i å flytte det inn på boksidene, andre gongar må han forme om. Det Mortensen gjer er difor like mykje å reprodusere som å produsere, men like fullt framstår det som originalt og med ein særeigen Mortensen-signatur.

Den siste boka hans Nylig historikk er ei samling korte, nummererte notat (387 for å vere nøyaktig) om hendingar i verda, der mange av dei har funne stad i det underlege rommet som blir kalla internett. Dette er ikkje hendingar av verdshistorisk betydning, men på sitt vis er dei verdt å merke seg likevel. Det er vanskeleg å gi eit inntrykk av kva dette dreier seg om, utan å sitere frå boka, så her er eit par av mine favorittar:

112: En kvinne ber til Gud om at hun sluttet å like et bilde tidsnok.

170: En kvinne er gjest på et talkshow fordi hun ikke vet hvordan man lager guacamole.

178: En kvinne kommenterer at man egentlig ikke kjenner en person før man har hørt vedkommende forsøke å løse dataproblemene til moren sin over telefon.

201: En mann kommenterer at det sitter en fyr ved et kafébord, som bare drikker kaffe, uten telefon, uten laptop, som en psykopat.

212: Noen deler et skjermbilde av at noen har spurt «How big is the specific ocean?» på Yahoo Answers og fått responsen: «Can you be more pacific?»

Som vi ser er, jo dette temmeleg underhaldande lesing, og eg intellektualiserer vel ikkje for mykje om eg også meiner at det fortel noko vesentleg om den tida vi lever i. Ei av litteraturens oppgåver er å hjelpe oss å få auge på oss sjølv, og både Nylig historikk og Mortensens forfattarskap generelt bidrar nettopp til dette, at vi klarare ser kva det går ut på å vere menneske i verda i 2016. Vi blir utsett for (og er sjølv med og produserer) ein endelaus straum av informasjon, der både det eksistensielt alvorlege og det banalt underhaldande kjem ut av same kvern, i ufordøyelege mengder – og vi låner vekk interessa vår til alt.

Kva dette eigentleg gjer med oss, er vanskeleg å svare på, men berre tanken på at all denne informasjonen finst og vil fortsette å finnast på ubestemt tid, kan vere utmattande og fylle ein med ubehag. Den ideelle løysinga ville sjølvsagt vore ein app som filtrerte informasjonen etter kva som var eins djupaste menneskelege behov, og etter kva som ville gjere ein til eit betre, rikare og lukkelegare menneske. I mangelen av ein slik app er Mortensens Nylig historikk eit godt alternativ. Det er ei bok som får ein både til å humre og tenke, og er såleis ei bok ein ikkje les forgjeves. Eg er nær å konkludere med at internett er best som bok.

Faktaboks

Audun Mortensen
Nylig historikk
Flamme forlag, 2016