Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjenner du at lommeboka har vorte litt tommare den siste tida?

Her får du DNB Ung-ambassadør Connie Lunde (26) sine beste sparetips for studentar som må telje kroner:

🧾 Få oversikt

– Få oversikt over økonomien din. Finn ut kva inntekene dine er og kva utgiftene dine er. Finst det nokon stadar her kor du ser du kan kutte litt? Nokre unødvendige kostnadar eller nokre bolkar du brukar litt for mykje pengar på?

📝 Spareplan

– Sett opp ein liten spareplan for deg sjølv. Er det noko du ynskjer deg i framtida? Ei reise du vil på? Her kan ein setje opp til dømes eit fast trekk av månadsløna di.

🥘 Planlegg måltid

– Spar pengar på mat. Planlegg måltid og vekeshandle. Då unngår du å dra på butikken og kjøpe mykje unødvendig i løpet av veka. Eit tips her er å planlegge middagar som passar saman ingrediensmessig slik at ein slepp å kjøpe unødvendige ting som kostar pengar.

– Bur du med andre? Lag fellesmiddagar med dei! Sosialt, gjer jobben min enklare og BILLIGARE!

♻️ Brukt

– Kjøp brukt og sel ting du ikkje treng. 

🤝 Sharing is caring

– Del abonnement/strøymetenester med vennar/familie/kjærast. Eg deler til dømes Spotify med kjærasten og i kollektivet mitt betalar vi alle for éi strøymeteneste kvar, men deler dei saman. Vinn-vinn-situasjon for oss alle.

💰 Spar pantepengar til kjedelege innkjøp

– Spar på pantepengane i ei felleskasse og bruk dei til kjedelege ting ein treng i heimen som såpe, dopapir osv. Då kjennest det ut som at ein ikkje brukar eigne pengar på det. Protip!


Les artiklane frå Fritt Ord-prosjektet Ung på bustadmarknaden.

Les også: Arkitektstudent Liva (25) vart utbrent – no har ho flytta i bil for å leve på studielån