Asylpolitikk i fri flyt

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jon Hustad: – Ingen veit lenger kva norsk asylpolitikk er

Saka er henta med velvilje frå Dag og Tid.

Sett frå staten si side er det éi innvandringsgruppe som er mykje meir problematisk enn andre, og det er unge åleinekomande menn som seier dei er under 18 år. Dei har lite skulegang, dei har ikkje familie i Noreg og dei kan sjølvsagt heller ikkje norsk. Einslege ung menn utan nettverk og språk har òg lett for å gjennomføra kriminalitet eller verte offer for kriminalitet. Difor har Stortinget meint at dei som er under 16 år, skal få det same regimet som norske barnevernsborn på institusjon. For dei mellom 16 og 18 år har Stortinget eit forsterka omsorgsregime. Det vert altså tilsett nordmenn for å taka seg av dei. Alternativet: Å gjera med desse som vi gjer med dei vaksne, senda dei rett heim om dei ikkje har krav på vern, ønsker ikkje Stortinget slik stoda er no.

Mot slutten av 2010-talet byrja det å koma mange frå Afghanistan som sa dei var under 18 år. Trudde styresmaktene at dei var under 18, fekk alle permanent opphald sjølv om mange vaksne afghanarar ikkje fekk asyl og vart sende heim. I 2009 fekk difor justisminister Knut Storberget (Ap) innførd ein heimel som sa at dei under 18 kunne sendast heim når dei vart 18, men fyrst etter omfemnande vurdering av nettverk heime og kor sårbare dei kunne verta om dei kom heim. Regelen hadde ein viss effekt ei tid, men då det var klårt for omverda at det reelt berre var 4 prosent som vart sende heim, byrja straumen av unge afghanarar på ny å auka.

Toppåret 2015

Det heile toppa seg i 2015: Sjølv om det ikkje skjedde noko særmerkt i Afghanistan, byrja det å koma stadig fleire unge afghanarar som sa dei var under 18 år. Frå Syria, som var i krig, gav Noreg asyl til alle, store og små. Frå Syria kom 574 personar som sa dei var under 18 år. Det er mange år sidan Noreg slutta å senda folk attende til Eritrea grunna den harde verneplikta regimet pålegg dei unge. I praksis får alle frå Eritrea som kjem seg til Noreg, asyl og varig vern. Frå Eritrea kom 735 som sa dei var under 18 år. Suverent flest kom det frå Afghanistan. Dei fleste vaksne frå Afghanistan vert avviste. I fjor fekk berre 24 prosent av vaksne afghanarar som søkte, opphald. I 2015 kom 3537 afghanarar som sa dei var under 18. Samla sett kom 5480 som sa dei var under 18.

Eit nær samrøystes storting vedtok difor tilstraming av regelverket for asylsøkjarar under 18 år, ei tilstraming som i praksis vart gjeldande for Afghanistan. Afghanarar som vart 18 medan dei var i Noreg, kunne sendast til trygge stadar i Afghanistan, og det vart lempa på kravet om at vedkomande ikkje kunne sendast om han var sårbar. Men dette vedtaket galdt berre dei som ikkje hadde rett til vern og var illegitime asylsøkjarar. Regjeringa byrja så senda 18-åringane som ikkje var legitime asylsøkjarar, attende til Afghanistan.

Politikken har vore effektiv: frå 3537 personar som sa dei var under 18 år og frå Afghanistan i 2015, til 128 i 2016. Så langt i år har det berre kome 43.

Mykje å spara

Afghanarane hamnar altså i det vi kan kalla institusjonsliknande omgjevnader, men i røynda er nok mange av dei som sit i barneinstitusjonar, litt eldre enn dei seier dei er. Når staten utfører alderstestar, legg han inn ein feilmargin på minst eitt år til fordel for unge asylsøkjarar. Dei fleste unge asylsøkjarar vert i praksis verande i Noreg i minst to år før staten kjenner seg nokolunde sikker på at vedkomande er 18 år. No i haust skulle den store utsending byrja, og prosessen setjast i revers.

Men sidan regjeringa visste at dei måtte oppretthalda stortingsvedtaket om høg standard på omsorga dei skulle gje dei unge afghanarane som kom hausten 2015, måtte dei setja av dei summane som var naudsynte for å gje det same institusjonstilbod i 2017 som i dei føregåande åra. Vi har bede Justisdepartementet om å rekna på kva det kostar å ha eit tilbod til dei under 18 år i 2017, og kva barnevernsregimet kosta dei to føregåande åra. Tala inkluderer ikkje grunntilskotet kommunane som husar dei unge, får. Pengar til ein del undervising er heller ikkje med.

2015 vart ikkje så dyrt sidan dei fleste afghanarane kom om hausten. Då var den samla kostnaden 2,8 milliardar kroner. I 2016 steig kostnaden til 5,1 milliardar, og i år vert kostnaden 6,75 milliardar. Dette gjeld alle einslege asylsøkjarar under 18. Men dei som var under 18 før 2015, er stort sett ikkje med i desse tala, sidan asylsøkjarar vert rekna som vaksne når dei vert 18 og dimed dreg frå institusjonen. I 2017 sit 5984 unge asylsøkjarar under 18 år i norske barnevernsinstitusjonar; 3698 av desse er afghanarar, og dei fleste av dei skulle staten byrja å senda ut no før jol.

På desse knapt 6000 asylsøkjarane nyttar vi i år altså 6,75 milliardar – ein kostnad på 1,13 millionar per person. Det kan vera at det er litt fleire som skal inkluderast i dette talet, sidan det er mogleg at det var nokre svært unge som kom før hausten 2015. Kostnadene ligg truleg ein del høgre sidan Justisdepartementet ikkje har total oversikt. I tala er til dømes ikkje all helse- og tannbehandling med. Sidan dei fleste til dømes ikkje har så god tannhelse grunna manglande tilbod i heimlandet, skaper dei mykje arbeid for tannlækjarar. Men tala er dei beste vi har.

Til samanlikning kan vi seia at Stortinget i 2015 nytta 1,25 milliardar i flyktninghjelp i Syria og grannelanda. FNs flyktninghjelp prøver å hjelpa 22,5 millionar flyktningar kvart år. I fjor gav vi 980 millionar kroner til UNCHR.

Innstraming i regi av Ap

Sett frå ei reint økonomisk side er det difor lett å sjå kvifor Arbeidarpartiet stilte seg i spissen for ei sterk innstraming i norsk asylpolitikk hausten 2016. Og det var nett Arbeidarpartiet som var i den fyrste regjeringa som skaffa seg ein lovheimel til å senda heim einslege asylsøkjarar i 2009.

Men no er vi attende på felt 1. Som dei fleste har fått med seg, vedtok Stortinget i november at vi på ny skal attende til praktiseringa som galdt før innstramminga hausten 2015, då det altså kom 5480 som sa dei var under 18. I år ligg det an til å verta under 200, som igjen potensielt kan spara statsbudsjettet for 6,5 milliardar, og som igjen gjev høve til å auka budsjetta for å hjelpa flyktningar i nærområda. FN seier dei kan hjelpa over 120 i nærområda i året for den summen Noreg nyttar på ein afghanar som seier han er under 18 og oppheld seg i Noreg.

No veit vi rett nok ikkje om straumen av unge asylsøkjarar til Noreg vil byrja å auka att. Mange av rutene inn i Schengen er stengde. Men vi veit at det er mange unge ulovlege innvandrarar frå Afghanistan i Schengen-området, personar som har fått avslag og er bedne om å forlata landet dei var i, og Schengen. Om til dømes personar som er yngre enn 18 eller har vorte 18 i eit anna land innanfor Schengen, no byrjar å taka seg til Noreg sidan vi i praksis ikkje skal senda særleg mange slike til Afghanistan, kan vi då returnera desse til dei andre Schengen-landa slik Dublin-avtalen legg opp til? Kva vil dei andre landa seia då? Og korleis vil opinionen – eller for den delen Stortinget – reagera om vi sender folk som var under 18 då dei kom hit, til eit land som kjem til å senda denne personen attende til Afghanistan? Skal vårt nei til å senda unge attende til Afghanistan, berre gjelda for dei som søkte asyl her? Det er vel like inhumant å senda ein frå Nederland som frå Noreg? Spørsmåla er mange, svara er få.

Klargjering i januar

I januar 2018 skal Stortinget klargjera kva dei meinte med vedtaket dei gjorde no i november, men fram til då ser rettstilstanden som galdt før innstraminga for unge asylsøkjarar, ut til å vera den gjeldande. Eller slik er det visst ikkje heller, for i førre veke kom det ein nokså omveltande dom i Oslo tingrett. Med hjelp frå Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS) saksøkte fem unge afghanarar som kom hit på seinsumaren 2015, staten for å ha nytta alderstesting på dei, noko dei meinte var ulovleg. I tillegg meinte dei at alderstestane kom til feil resultat og at Utlendingsnemnda hadde brukt feil lover.

Dei fem vann på alle punkt. Dommaren Lena Skjold Rafoss hadde ingen sympati med advokatane til Utlendingsnemnda (UNE). Vi siterer: «Retten har konkludert med at Utlendingsnemndas avgjørelser i samtlige fem saker er basert  på uriktig rettsanvendelse, feil faktum, og uriktig bevisvurdering. Det er innhentet aldersundersøkelser uten at det var rettslig grunnlag for dette. De konkrete aldersvurderingene i samtlige fem saker er uriktige. Beviskravet er satt for lavt. Resultat fra de medisinske aldersundersøkelsene har uriktig blitt tillagt avgjørende vekt. Disse feilene har innvirket på avgjørelsenes innhold, og medfører at samtlige fem avgjørelser er ugyldige.»

Kort sagt: Alderstestane som har vorte brukte og vert brukte, er ikkje gode nok til at dei kan nyttast som prov, og det sjølv om både UNI og UDI legg inn ein tryggingsmargin for asylsøkjarane, og sjølv om ei rekkje land, inkludert Sverige, nyttar slike testar. No vert det rett nok utvikla betre alderstestar i regi av Helsedirektoratet, men spørsmålet er om det i det heile hjelper når domen seier at det vanlege testregimet er utan eit «rettslig grunnlag» og berre kan nyttast i visse tilfelle.

Ein av advokatane i tingretten, Jostein Løken, var andsynes VG særs nøgd med resultatet, men peika på at domen må få konsekvensar for langt fleire, og at mange no måtte få opphaldsløyve i Noreg: «Det er en stor urett som er begått mot hundrevis av barn basert på feil undersøkelser.»

Slik stoda er no, er det ein del som tyder på at utlendingsmakta berre må lita på at dei som kjem til Noreg, har den alderen dei seier dei har. UNE skal sjølvsagt anka domen og meiner han er feil, men inntil ein eventuell ny dom kjem, og Stortinget har avklåra kva dei eigentleg meiner skal skje med 18-åringar, er det norske asylsystemet i eit limbo.

Torsdag denne veka kom det elles fram i Aftenposten at regjeringa etter instruks frå Stortinget prøver å få til eit norsk omsorgssenter for unge asylantar i Kabul. Lukkast det, vil nok straumen stansa, men det same prøvde den raudgrøne regjeringa å få til i fleire år, utan å lukkast.

Les meir i Dag og Tid!