Amnesty hardt ut mot vestleg nasjonalisme og rasisme

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Generalsekretær i Amnesty, Agnès Callamard. Foto: Foreign and Commonwealth Office/Wikipedia/Flickr

Menneskerettsorganisasjonen viser mellom anna til korleis rike land sikra seg koronavaksine på kostnad av fattige land og stengde grensene for krigsflyktningar som i urovekkjande høge tal òg vart sende tilbake.

– I staden for å styre på ein genuin og meiningsfull måte, trekte leiarane i verda seg tilbake i hòlene sine av nasjonal interesse, skriv Amnestys generalsekretær Agnès Callamard i forordet til årsrapporten til organisasjonen.

Innbyggjarane i rike land fekk boosterdosar medan millionar i fattige land, inkludert dei som er aller mest utsette for alvorleg sjukdom eller død, framleis ventar på sitt første stikk, konstaterer ho.

– Utan moralsk kompass

I september i fjor konstaterte Amnesty at vestlege land hadde ein halv milliard vaksinedosar til overs som var i ferd med å gå ut på dato.

– Det er vanskeleg å ikkje sjå rasismen i dette, heiter det i årsrapporten.

– Eit sjokkerande symptom på ei verd utan moralsk kompass, slår Callamard fast.

– Medan dei administrerande direktørane i legemiddelselskapa og investorar kunne hente ut store overskot, vart dei som desperat trong vaksine bedne om å vente. Og døy, konstaterer ho.

Stansar flyktningar

Amnesty kjem òg med krass kritikk av rike land som stansa flyktningar på grensa og som også i strid med internasjonale konvensjonar tvinga dei tilbake.

Dette skjedde ifølgje menneskerettsorganisasjonen i minst 48 land i fjor, mellom anna i USA som med tilvising til koronareglar stansa over 1 million flyktningar og migrantar på grensa frå Mexico, og på grensa mellom Kviterussland og Polen.

Amnesty reagerer sterkt på at Polen og ei rekkje andre EU-land i fjor ope prøvde å undergrave FNs flyktningkonvensjon.

Menneskerettsorganisasjonen trekkjer òg fram EUs støtte til Libyas kystvakt som i fjor stansa mange flyktningar og migrantar som prøvde å ta seg over Middelhavet til Europa og returnerte dei til Libya.

Der blir dei utsette for vald, overgrep, utpressing og tvangsarbeid.

Noreg har òg bidrege til den libyske kystvakta gjennom EUs fond for å bremse straumen av flyktningar og migrantar over Middelhavet (EUTF).

Grove brot på menneskerettane

Amnesty dokumenterte i fjor grove brot på menneskerettane i ei rekkje land, både i land med og utan krig og konfliktar.

Land som Burkina Faso, Kamerun, Den sentralafrikanske republikken, Kongo, Etiopia, Mali, Mosambik, Niger, Nigeria, Somalia og Sør-Sudan gjorde seg skuldige i krigsbrotsverk, og det same var tilfelle i Afghanistan og Syria.

I Myanmar greip dei militære makta i eit kupp og slo nådelaust ned på protestane som følgde. Hundrevis vart drepne og tusenvis vart vilkårleg fengsla, konstaterer Amnesty.

Brotsverk mot uigurane

Klikk på bilete for å kome til rapporten.

I Afghanistan førte maktovertakinga til Taliban til at jenters og kvinners rettar vart kraftig innskrenka, og Kina heldt fram med brotsverka sine mot den muslimske uigur-minoriteten i Xinjiang-provinsen.

Sjølv før koronapandemien var Latin-Amerika den regionen med mest utbreidd skilje mellom fattige og rike, og pandemien bidrog ytterlegare til å forsterke dette både der og i mange andre land verda over.

– Mange land bruker òg framleis pandemien som påskot for å slå ned på folks rettar, heiter det i Amnestys årsrapport.

– Ikkje vore verre på 20 år

Både i Europa og Sentral-Asia var autoritære krefter på frammarsj i året som gjekk, ifølgje Amnesty.

– Ei rekkje land demonstrerte ei eineståande skamløyse i tilsidesetjinga si av menneskerettar, slår dei fast.

– Uavhengig av krigen i Ukraina, har ikkje menneskerettssituasjonen i verda vore verre på tjue år. Vi er spesielt bekymra for ytringsfridommen, seier Amnestys norske generalsekretær John Peder Egenæs.

Han viser til at minst 67 land i fjor vedtok nye lover for å avgrense ytringsfridommen.

Kollasj: Framtida.no // Foto: Jon Olav Nesvold / NTB / NPK

– Menneskerettsituasjon i fritt fall

I Russland er innbyggjarane i stor grad fråtekne både ytrings-, forsamlings- og organisasjonsfridommen, og truslar og angrep på journalistar og menneskerettsaktivistar går ustraffa, konstaterer Amnesty i årsrapporten sin.

– I Russland var menneskerettssituasjonen i fritt fall dei siste åra før Putin valde å gå til krig. Han har stilna kritiske røyster, og dermed får propagandaen til staten og falske nyheiter fritt spelerom, noko som har gjort det mogleg å gjennomføre krigen utan for mykje motstand på heimebane, seier Egenæs.

– Vi ser autoritære leiarar i andre land som gjer tilsvarande brutale grep no. Det er svært urovekkjande, seier han.

Menneskerettsaktivistar i Midtausten levde òg i fjor farleg og måtte ofte betale ein svært høg pris, konstaterer Amnesty.

Saudi-Arabia slo òg i fjor hardt ned på alle former for kritikk av regimet og dømde mellom anna fem menneskerettsaktivistar til fengsel i opptil 20 år.

Israelsk apartheid

Egypt kastar òg menneskerettsaktivistar i fengsel utan truverdig rettargang og Israel stempla i fjor seks palestinske menneskerettsorganisasjonar som «terroristar» med tilvising til hemmeleg informasjon som ingen har fått sjå.

– Det skjedde samtidig med at Israel heldt fram med å nekte internasjonale menneskerettsobservatørar og etterforskarar, mellom anna frå FN, tilgang, konstaterer Amnesty.

Israel gjorde i mai i fjor òg «tilsynelatande krigsbrotsverk og moglege brotsverk mot menneskja på Gazastripa» der 242 palestinarar, blant dei 63 barn ifølgje FN vart drepne, heiter det vidare i årsrapporten.

Amnesty held òg fast på at Israel har innført eit apartheidsystem der palestinarar blir segregerte og undertrykte, eit omgrep òg Human Rights Watch og israelske BŽTselem har slått fast er dekkjande.

Ljuba Samylova (22) vart arrestert for å demonstrere mot krigen i Ukraina. Foto: Privat