Amerikanarar meiner Joe Biden (80) er for gamal for ny presidentperiode

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 02.09.2023 20:09

5. november 2024 skal USA stemma over kven som skal leia landet fram til 2028. Før den tid skal det haldast primærval i amerikanske statar for å avgjera kven som vert presidentkandidatar for dei ulike partia.

Både demokratar og republikanarar synest å einast om éin ting: President Joe Biden (80) er for gamal til å ta attval. 

Det kjem fram i ei meiningsmåling gjort av The Associated Press-NORC Center for Public Affairs Research. Målinga vart gjort blant 1165 respondentar i perioden 10.-14. august 2023.

«Gamal», «forvirra» og «treig»

89 prosent av republikanarane svarar at Biden er for gamal. 69 prosent av demokratane meiner det same.

Fleire av respondentane brukte ord som «gamal», «forvirra» og «treig» om sitjande president Joe Biden.

Tidlegare president Donald Trump (77) er heller ingen ungfole, men berre halvparten av dei spurde meiner Trump er for gamal for å ta tilbake jobben i Det ovale kontoret.

Donald Trump på podium.

Donald Trump på ei studentkonferanse i Florida i 2023. Foto: Gage Skidmore via Flickr, CC BY-SA 2.0,

Trump vart i mindre grad omtala som «gamal» og «forvirra», men heller «korrupt», «kjeltringaktig», «løgnar» og «uærleg».

– Biden vil truleg leva lenger enn Trump

28 år gamle Noah Burden frå Virginia er blant dei som gjerne skulle sett yngre kandidatar på begge sider av det politiske spekteret.

– Dei er jamt over for gamle, seier han til nyheitsbyrået AP.

Noah Burden (28) frå Alexandria i Virginia meiner både Donald Trump og Joe Biden er for gamle for presidentembetet i USA. Foto: AP/Stephanie Scarbrough)

Burden åtvarar om at dei eldre generasjonane har verdiar og ei oppfatting av landet som ikkje heng med i tida.

Folkehelseprofessor S. Jay Olshansky ved University of Illinois i Chicago meiner kritikken frå opinionen stammar frå aldersdiskriminering og meiner dei begge to er høgtfungerande.

– Biden vil truleg leva lenger enn Trump fordi han har færre risikofaktorar og trener ganske betydeleg, noko Trump ikkje gjer. Om du ikkje likar det dei seier, så er det ikkje på grunn av kor gamle dei er, seier Olshansky ifølgje AP.