Allergiforbundet erklærer pollensesongen for over

Framtida
Publisert
Oppdatert 03.11.2017 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I dag sender NAAF ut det siste pollenvarselet for i år. Pollensesongen 2017 er dermed over! Sesongen fekk ein rekordtidleg start på Vestlandet, men har elles vore ganske normal, skriv forbundet.

På Vestlandet starta spreiinga av or og hasselpollen allereie i slutten av januar.

– Det er det tidlegaste tidspunktet som er registrert sidan Pollenvarslingen starta for over 40 år sidan, skriv forbundet.

Seint i nord

I andre delar av landet gjekk det mykje lengre tid før pollenet melde seg.

– Frå Trøndelag og vidare nordover starta bjørkepollensesongen uvanleg seint, først 13. mai i Trøndelag, halvannan veke etter tiårsgjennomsnittet, og i Nord-Noreg også tilsvarande, seinast i Finnmark der bjørkepollenspreiinga først kom i gang 14. juni.

Det har elles vore ein gjennomsnittleg og ganske normal pollensesong.

Ikkje rekordlengde

– Utslag opp eller ned i forhold til gjennomsnitt frå sesong til sesong vil det alltid vere, men det kom ingen rekordhøge mengder for noko område i år. «Rekordsesong» kan likevel forsvarast i forhold til tidleg start i vest og sein i nord, seier seniorforskar Hallvard Ramfjord i Pollenvarslingen.

Bjørkepollensesongen starta først lengst i sør og aust, 21. april for Sørlandet og 24. april for Austlandet med Oslo. Mengdemessig fekk Trøndelag registrert mest orepollen, mens Austlandet med Oslo som vanleg fekk høgste årssum for hasselpollen. Pil/vier/selje-pollen starta tidlegast ved stasjonane på Austlandet, og her kom også dei høgste årssummane.