ADHD-medisineringa har dobla seg sidan 2016 – auka med 40 prosent under pandemien

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Talet på personar som bruker ADHD-medisinar har dobla seg på seks år, frå 2016 til 2022. Frå 2020 til 2022 auka talet med resept på ADHD-medisin brått frå 58.732 til 81.639.

Dette kjem etter 15 år med jamn vekst. I 2020 var det plutseleg 5.833 nye brukarar. I 2021 var det 9.832, medan talet var 13.075 i 2022.

– Det som er veldig tydeleg i tala, er at veksten har vore omtrent den same frå år til år fram til pandemien. Men gjennom pandemien ser vi ein stor auke, seier avdelingsdirektør Heidi Aase ved Folkehelseinstituttet til Morgenbladet.

Veksten har vore spesielt høg blant barn og unge. I 2019 vart 513 nye barn medisinerte for ADHD, medan talet auka til 1.185 i 2020, 2.447 i 2021 og 3.236 i 2022.

I 2013 delte diagnosemanualen DSM-5 ADHD inn i tre undertypar: hyperaktiv-, uoppmerksam- og kombinert type. Dermed vart den tidlegare diagnosen ADD borte og i praksis integrert.

Det har ført til ein generell auke i ADHD-diagnosar sidan, men særleg blant kvinner og jenter, sidan dei oftare har uoppmerksam type.

Veksten korrelerer med vekst i talet på tilvisingar til BUP.

– Dobbelt så mange barn blir viste til psykiatrien med mistanke om ADHD som for berre seks år sidan, skreiv Klassekampen i april i år.


Tidlegare nasjonal ungdomsleiar i ADHD Norge, Margrethe Skinderviken, har sett den svenske filmen «Så jävla easy going». Foto: Privat