Politikk og samfunn

8. mars: «Vi er ikkje «ferdige» berre fordi noko står i lova»

«Menn må stå opp for kvinner, kvite må stå opp for ikkje-kvite, cis-folk må stå opp for transpersonar,» skriv musikar Emilie Eie.

Emilie Eie (29)
Musikar
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kvart år kjem spørsmålet om kvifor det er viktig å markere 8. mars. Noreg er jo eit av verdas mest likestilte land, så kvifor er det framleis nødvendig?

At kvinner har stemmerett, kan ta utdanning og velje kven dei vil gifte seg med, betyr ikkje at det ikkje framleis finst kjønnsforskjellar som skader oss. Desse tre eksempla er vel også strengt tatt berre eit minimumskrav på vegen til full likestilling.

Vi er ikkje «ferdige» berre fordi noko står i lova. Dei sosiale forskjellane er framleis tydelege i Noreg. Anten det er bevisst eller ubevisst, så ber kvart enkelt individ med seg forventningar til kven ein skal vere og korleis ein skal oppføre seg basert på faktorar som kjønn. Dette blir vi fortald heilt frå vi er små.

Eit eksempel er korleis vi ser på sex. Kvinner blir fortalde at dei ikkje skal ligge med nokon andre enn mannen dei gifter seg med, medan menn helst skal ha sex med så mange kvinner som mogleg.

Noreg er også dessutan berre ein liten del av verda, og kvinnedagen er ei global markering. At vi har kome langt i Noreg, speler lita rolle for dei som bur i land der kvinner får dødsstraff på grunn av ein spontanabort eller der unge jenter blir tvinga inn i barneekteskap.

quote-left

At kvinner har stemmerett, kan ta utdanning og velje kven dei vil gifte seg med, betyr ikkje at det ikkje framleis finst kjønnsforskjellar

quote-right

Kvinnedagen er viktig for alle typar kvinner, og interseksjonalitet er eit ord vi i Noreg godt kan ha meir fokus på, også uavhengig av om det er 8. mars. I tilfelle ordet er nytt for deg, skildrar det korleis kvart menneske tilhøyrer fleire sosiale kategoriar som utgjer kven vi er og korleis samfunnet ser oss.

Kvinnekamp er ikkje berre for nokre kvinner, det er for alle, uavhengig av faktorar som for eksempel funksjonsevne, etnisitet, seksuell orientering, kjønnsuttrykk eller sosial klasse.

Nokre er trans. Nokre er blinde. Nokre speler trommer, og driv innan meir mannsdominerte sjangrar, som hip-hop og metall. Alle fortener å sjå seg sjølv representert, anten det er på scena, i media eller på ein parole i 8. mars-toget.

Viss din definisjon på feminisme berre imøtekjem kvite, norske, funksjonsfriske, cis og heterofile kvinner, så inkluderer du faktisk ikkje alle kvinner i din såkalla kvinnekamp.

quote-left

Interseksjonalitet er eit ord vi i Noreg godt kan ha meir fokus på

quote-right

Kanskje les du dette og kjenner på eit slags ubehag eller til og med dårleg samvit. Kanskje innser du at din eigen feminisme ikkje er så inkluderande som du har late deg sjølv tru. Og viss det er tilfelle, så vil eg fortelje deg at du ikkje er åleine. Eg har kjent på det mange gonger sjølv, og kjem mest sannsynleg til å kjenne på det att, etter kvart som eg tillèt meg sjølv å bli klokare og ta folk som er forskjellige frå meg sjølv på alvor. Å bli konfrontert med sin eigen ignoranse er ikkje behageleg, men det er høgst nødvendig for at verda skal gå framover. Aktivisme kostar noko, men det er verdt det.

Vi er NØYDDE til å stå opp for andre enn oss sjølv i kampen om likestilling. Menn må stå opp for kvinner, kvite må stå opp for ikkje-kvite, cis-folk må stå opp for transpersonar, og så vidare.

Opplevinga mi som kvinne, er kanskje ikkje den same som di, men begge er viktige og fortener å bli lytta til og tatt på alvor. Vi må aldri slutte å bry oss berre fordi det ikkje påverkar oss sjølv direkte. Korleis skulle verda sett ut dersom alle berre kjempa for seg sjølv?

Kort summert: Når folk spør meg korleis eg markerer kvinnedagen, kan eg gjerne forklare kvifor det er viktig for meg personleg, men det er minst like viktig for meg å gjere det på vegner av andre.

Å kunne markere kvinnedagen i det heile tatt, er eit privilegium. Forskjellige føresetnader gjer at ikkje alle har mogelegheita til det eingong. Og viss det er nokon vi skal ta til gatene for, så er det i alle fall dei.