Yrkesstoltheit

Erlend Skjetne
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det kallar eg yrkesstoltheit

Eg skulle eigentleg aldri ta lappen. Eg kjem frå ein relativt liten plass, der dei fleste ordna seg med oppkøyring på sjølve 18-årsdagen sin. Men nasevis som eg var, meinte eg at bilkøyring er harry, og at lappen ikkje var noko for meg. Framleis er eg for så vidt overtydd om at ein kan greie seg heilt fint utan han. Trass alt budde eg i vaksen alder halvtanna år i Finnmark utan lappen, og det gjekk bra det òg. Men til slutt beit eg i det sure eplet og tok han likevel, mest fordi eg fekk lyst til å koma meg til fjerne småstader det ikkje går buss til. Deretter oppdaga eg at eg faktisk liker ganske godt å køyre bil. Med litt kvalitetsmusikk på øyra er det noko nesten terapeutisk ved det, iallfall så lenge trafikkbiletet ikkje er altfor uoversynleg.

Men gleda skulle ikkje vare lenge. Ein kveld no nyleg måtte eg køyre heim ein haug med remediar. Alt gjekk som smurd, heilt til eg plutseleg kjende ei svidd lukt. Om lag samstundes slutta bilen å gå framover. Medan det enno stod til liv, rakk eg å svinge han sånn halvvegs ut av vegen. Eg smelte på naudblinken, og brukte deretter ein halvtime på å finne ut korleis eg kunne opne det der lokket som ligg over motoren – utan at eg anar kva eg hadde der nede å gjera. Det einaste eg utretta, var å brenne fingrane mine på eit eller anna som var skrekkeleg varmt. Kvelden elles var forresten skrekkeleg kald: Det regna og bles, tallause bilar susa forbi meg på alle baugar og kantar, og snø og slaps fauk ikring meg. Alle låg på hornet, og lurde nok på kva for idiot dette var, som stod i vegkanten såleis. Gode råd var verkeleg dyre, og eg hadde mest lyst til å setja fyr på heile faenskapen og heller spasere dei fem, seks kilometrane til næraste bar.

Men så, som ein Herrens engel ut av det store inkje, berre plutseleg var han der: Ein pick-up med veritable lyskastarar på taket, og ein korpulent hillbilly som rulla ned ruta og spurde: «Har du trøbbel, kamerat?» Det synte seg at han dreiv med ei form for freelance bilberging som yrke. No hadde han vore og sleppt av kjerringa nede i byen, forklåra han, og dreiv og køyrde rundt med den fire, fem år gamle sonen sin, berre for å sjå kva som tilfeldigvis måtte koma til å dukke opp langs vegen. Å finne meg i min elendige situasjon var såleis noko av eit lykketreff for han. Han parkerte og kom og kika ned i motoren mi. «Au då,» sa han muntert, etter å ha granska situasjon i ti sekundar. «Girkassa di har gått til helvete.» «Det høyrest dyrt ut,» svara eg. Det kunne han stadfeste, estimatet var 20.000, og så gav han meg eit entusiastisk føredrag om dei ulike aspekta ved den eventuelle reparasjonen. Eg lest som eg forstod.

Dinest byrja han på ein omfangsrik ringjerunde, og bretta ut den tragiske historia mi for både fjern og nær, framleis med ordrik iver. «Eg kan skaffe deg ei ny girkasse til 15.000,» konkluderte han. «Billegare får du det ingen stad. Eventuelt kan eg kjøpe bilen som vrak. Det er ikkje noko problem. Eg gjev deg 4.000. Det vanlege er 3.000. Så hentar eg bilen akkurat her, du slepp å tenkje meir på han. Salet er gjort på to minutt.» Personleg var eg mest oppteken av å få bilen ut av vegbanen og inn på ein parkeringsplass eg skimta i det fjerne. «Det er ikkje noko problem,» repeterte min reddande engel. «Eg har ein kamerat som kjem og hjelper oss med å dytte.»

Ganske riktig: Kort tid etter var han der, nok ein hillbilly, denne i ein skranglete lastebil. Det slo meg kor utruleg blid han òg var. Det var openbert at dette, å bli involvert i eit bilbergingsprosjekt, for han var den best tenkjelege bruken av ein fredagskveld. Eg og han dytta medan barnefaren lét sonen sitja att i sin eigen bil, og kom ut for å styre min. Det gjekk fortryllande, vi fekk han inn på parkeringsplassen. «Men kan han stå her?» spurde eg. «Vil han ikkje bli borttaua?» «Det er ikkje noko problem,» fekk eg høyre. «Eg ringjer og ordnar det så han får stå i fred.»

Etter eit par dagar i tenkjeboksen, kom eg til den slutninga at bilen like gjerne kunne destruerast. Eg hadde fått telefonnummeret til fyren i pick-upen, som var svært nøgd med å høyre frå meg igjen. «Dette skal vi fikse, ja,» sa han. «Ja, ja, ja, ja, det kan du ta heilt med ro.» Så kom han og henta meg, og vi køyrde ut til den parkerte bilen, som han fekk buksert opp på ein diger tilhengjar. Salet var ganske riktig gjort på to minutt, per internett. Fyren i lastebilen kom òg, for å vidarebringe meg og pikkpakket eg hadde i bilen min. Eg kom meg nesten heim, men så braut lastebilen òg i hop. Det var noko med ei pumpereim, synte det seg, og vi vart ståande midt i ein lang bakke. Men sjåføren var like blid, for det ville ikkje bli noko problem for han å få fiksa dette, nei. Systera mi måtte riktig nok koma og hente meg og pikkpakket mitt og køyre meg dei siste par hundre metrane heim, men ho har no slikt å gjera.   

I ettertid har eg fått greie på at bilen min slett ikkje vart vraka, men derimot reparert og selt. Sjølv har eg ingen bil no, og kanskje vart eg lurt. Men eg trur ikkje at dei to hjelparane mine fyrst og fremst prøvde å gjera seg rike på vanlagnaden min. Tvert imot vart eg rørd av det djupe engasjementet dei la for dagen, då dei fekk lov til å briljere med kunnskapane og ferdigheitene sine. Ein ser det stundom i fjernsynet òg: La oss seia at eit eller anna dramatisk har skjedd i eit perifert land ein vanlegvis aldri høyrer om, og så sit det ein eller annan gubbe på eit nedstøva kontor og er ekspert på akkurat dette landet. No får han plutseleg, for fyrste gong i karrieren, telefon frå NRK med spørsmål om å stille opp på TV: Om 100.000 menneske har døydd i eit jordskjelv i det fjerne landet, så skin ho likevel igjennom, gleda til denne eksperten, idet han endeleg får syne ekspertisen sin fram for verda.

Først publisert på Magasinett.