Whiskyland

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me brukte å kalla dette ein damewhisky, seier whiskyguiden medan han skjenkjer oss ein 10 år gamal Hazelburn single malt frå Springbank-brenneriet litt lenger nedi gata.

– Men då fekk me ei rasande melding på TripAdvisor. Dessutan var det flaut for alle menna som likte Hazelburn. No kallar me det ein frukostwhisky, og då likar alle det, legg guiden til.

Det er lett å forstå kva han meiner. Til forskjell frå dei andre whiskyane me får smaka, alle med varierande innslag av torvrøyk, tang og tjære, er Hazelburn rund og lett å drikka.

Sliten whiskyhovudstad
Me er i Campbeltown, ein sliten hamneby på halvøya Kintyre vest i Skottland. Om du er god til å kasta stein, kan du i dag treffa tre whiskybrenneri frå Cadenhead’s Whisky Shop, der smakinga føregår: Glen Scotia, Glengyle og nemnte Springbank, som er det eldste og mest anerkjente.

I tillegg til Hazelburn produserer dei whiskymerka Longrow og (nettopp) Springbank, og alt blir gjort handverksmessig her i Campbeltown – frå malting, tørking og røyking av bygg til lagring på fat og tapping på flasker – omtrent som det har blitt gjort sidan starten i 1828.

På 1800-talet, då byen var kjent som verdas whiskyhovudstad, var det rundt 30 brenneri her. Etter andre verdskrigen var det berre to att, men då høge herrar i whiskyindustrien truga med å ta frå byen statusen som eit eige whiskydistrikt, tok folka bak Springbank initiativ til å liva opp att det gamle Glengyle-brenneriet (lokala var knapt gjort noko med dei siste 80 åra).

Det skjedde i 2004, og i august i år hadde den første whiskyen deira endeleg stått lenge nok på fat til at han var klar for å bli tappa på flasker og lagt ut for sal, under namnet Kilkerran. Som Springbank-whiskyen har Kilkerran tatt preg av den salte sjølukta som ein kjenner overalt i Campbeltown.

Familieeigde Springbank i Campbeltown er blant dei mest anerkjente og tradisjonsrike whiskybrenneria i Skottland.

Global marknad, lokal identitet
Det finst i dag over hundre whiskybrenneri rundt i heile Skottland. Fleire av dei fører tradisjonane heilt tilbake til då industrien skaut fart for eit par hundre år sidan, men det poppar også stadig opp nye. Akkurat som med mikrobryggeri og lokalmat, blir handverk, kvalitet og kultur verdsett i aukande grad, også når det gjeld sterkare drikkevarer.

Mange av brenneria har besøkssenter med butikk og kafé, og dei fleste byd turistar inn til omvisingar og whisky-smakingar der kunnskapsrike entusiastar stolt fortel om produkta og tradisjonane. For eit lite land med stor gjeld og fallande oljeinntekter er whisky viktig både som turistattraksjon, eksportvare og identitetsmarkør.

I fjor besøkte 1,6 millionar turistar eit skotsk whisky-brenneri, og la att heile 50 millionar pund på besøka, ifølgje The Spirits Business. Whisky står for nesten fire femdelar av all eksport av mat og drikke frå Skottland, og dei edle, skotske dropane blir nytt i meir enn 200 land verda over. Ingen er ivrigare enn franskmennene; dei kjøper meir skotsk whisky på éi veke enn dei kjøper fransk konjakk på ein heil månad.

Indarane kjem raskt etter: På subkontinentet har den skotske whisky-importen auka med heile 41 prosent berre sidan i fjor, trass i ein tolltariff på 150 prosent. Dette har fått handelsorganisasjonen Scotch Whisky Association til å krevja at ein ny handelsavtale med India må vera ei hovudprioritering for dei britiske styresmaktene når dei no førebur sin «Brexit» frå EU, skriv The Guardian.

Les også: Er avfall frå whiskyproduksjon framtidas drivstoff?

Tomme whiskyfat i bakgården til Springbank-brenneriet i Campbeltown.

Whisky i parlamentet
Kanskje kan næringa få drahjelp frå whisky-gruppai det skotske parlamentet, der ei gruppe parlamentsmedlemer frå alle parti møtest jamleg med representantar for bransjen for å diskutera stoda for den viktige industrien.

Liksom for å understreka poenget har parlamentet i Edinburgh til og med sin eigen whisky til sals i suvenirbutikken, med det skotske Saltire-flagget på etiketten. Akkurat dét er ikkje alle er nøgde med.

– Det ville vore fint å sjå at det skotske parlamentet gjekk fram som eit føredøme. Eg er sikker på at det finst mange andre ting me kan selja for å minna folk om Skottland – det må ikkje vera alkoholrelatert, sa Evelyn Gillian i Alcohol Focus Scotland til Edinburgh News i 2013.

Men Alcohol Focus kjempar i motbakke. er at whisky er noko av det som minner folk aller mest om Skottland – og til forskjell frå til dømes haggis, den erkeskotske retten laga av innmat frå sau og kokt i ein dyremage, er det svært mange utanfor landet som også likar vara.

Kilt, tartan og whisky
Kan det tenkjast at whisky betyr enno meir for Skottland enn eksportinntekter og turisme? I boka Independence or Union. Scotland’s past and Scotland’s present skriv historikar T.M. Devine om korleis skotsk kultur og identitet har utvikla seg i samspel med politiske skifte.

Etter 1707, då Skottland gjekk i union med England, var mange redde for at landet skulle bli viska vekk frå kartet no som dei verken hadde sin eigen konge eller sitt eige parlament. Plutseleg blei kilten og tartanen, som tidlegare berre var symbol for røvarbandar i Highlands, løfta fram som nasjonale identitetsmarkørar som skilte skottane frå naboane i sør.

Det er lett å tenkja seg at whisky er ein like viktig identitetsmarkør for Skottland. I England finst det ingen whiskytradisjon som kan samanliknast – det fanst nokre brenneri der på 1800-talet, og nokre få har dukka opp att dei siste åra, men ingenting er i nærleiken av å gå skottane etter i næringa.

Cadenhead’s Whisky Shop i Campbeltown.

Sprit som politisk sprengkraft?
Skottane har etter kvart fått sitt eige parlament igjen, og den skotske nasjonalismen er på frammarsj. Dei som kjempar for å riva landet laust frå Storbritannia, er avhengige av å kunna appellera til identitetsmarkørar som byggjer opp under førestillinga av Skottland som ein eigen nasjon. Her speler whiskyen også ei politisk rolle.

Etter at forslaget om å gjera Skottland til eit sjølvstendig land fall med 55 mot 45 prosent av røystene i ei folkerøysting i 2014, laga folka bak Springbank og Cadenhead’s Whisky Shop i Campbeltown whiskyen «Spirit of Freedom 45». Den var ei blanding av 45 ulike whiskyar frå like mange brenneri over heile Skottland, sjølvsagt med eit alkoholinnhald på 45 prosent.

Støtta til eit uavhengig Skottland ligg framleis og vakar på det same nivået. Men du kan ta deg ein dram på at spørsmålet ikkje blir tatt av den politiske dagsordenen i overskodeleg framtid.

Du merkar kvifor når du besøkjer dei skotske brenneria. Stoltheita som whisky-entusiastane viser over tradisjonane, handverket, kvaliteten på produktet er også ei stoltheit over Skottland og skotsk kultur.

Les også vårt intervju med den unge, skotske nasjonalisten Scott Blair: Kjempar for eit sjølvstendig land – innanfor EU