Waits og Woyzeck for mannfolka

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lasse Kolsrud klarte nemleg ikkje å la vere å gje seg sjølv ei rolle i «Woyzeck», storsatsinga på Det Norske Teatret i haust. Musikken til Tom Waits og Kathleen Brennan vart for sterk for Kolsrud.

– Eg elskar musikken, eg hadde «Blood Money»-skiva heime. Dette er noko ein skodespelar ville drepe for å få syngje. Difor var ein av dei første tankane mine då eg vart spurt om å ha regi: «Faen, då kan eg ikkje vere med», seier Lasse Kolsrud.

Det blir nemleg ikkje rekna som ei heldig dobbeltrolle. Men teatersjef Erik Ulfsby sa det var greitt, og Kolsrud fann løysinga:

– Eg gav meg sjølv rolla som utropar heilt i starten av framsyninga, han som seier «kom inn»! Eg blir heilt sjuk etter å vere med når eg høyrer den musikken, eg har venta sidan «Black Rider» for 16 år sidan.

Ringen slutta

Det går ein raud tråd heilt tilbake til første gong nynorskteatret sette opp ei framsyning med Tom Waits-musikk. Det var altså i 1998, og Kolsrud hadde hovudrolla i ei framsyning det framleis blir snakka om.

Han tok med seg kjærleiken til den annleis teatermusikken vidare, og regidebuterte i 2003 med dramatiseringa av Frode Gryttens «Bikubesong».

Forteljaren M, for Morrissey, vart gestalta av Hans Rønningen. Han gjorde seg kjend som ein glimrande The Smiths-tolkar. Elleve år seinare gjer han sin Waits der han er å sjå og høyre som den stadig galare soldaten Woyzeck, som til slutt skjer halsen over på kjærasten.

Frode Grytten og Lasse Kolsrud møttest på ny i vår i Bergen, dit Kolsrud vart henta for å ha regi på Gryttens dramatikardebut «Sånne som oss», der musikken var ved John Olav Nilsen. Og Grytten har skrive om Waits i «Woyzeck»-programmet.

Mannemusikk?

– Er dette musikkteater for gutta?

– Du kan seie det er langt frå musikalar og dansenummer, seier Kolsrud. Han meiner Tom Waits' teatermusikk kan vere med på å hente inn eit yngre og musikkinteressert publikum til teatersalen, og at ja, det kan ha særskilt appell til menn.

– Det er noko i tekstene, som både Bob Dylan og for den saks skuld Stein Torleif Bjella også har; ein melankoli, trur han.

Engelsk song

Muntert begynner det ikkje akkurat: NTB er med på ein av dei siste prøvane før premieren, der Kolsrud som den flosshattkledde utroparen introduserer ensemblet – og dei alle syng «Misery Is The River of The World», der Waits og Brennan slår fast at «there's one thing you can say about mankind, there's nothing kind about man».

Akkompagnert av eit strålande band på sju som tronar oppunder taket, syng skodespelarane alle songane på engelsk.

– Det er vi pålagt, og det passar bra, seier Kolsrud som meiner songane opnar opp for poesi og eit kjensleregister, og også sjølv er forteljande.

– Karakterane får farge av songane. Ein rolle er litt countryaktig, ein annan meir jazz. Sjølv om folk ikkje skal syngje som Tom Waits og prøve å kopiere han, så har han vist at ein kan syngje på mange måtar i teatret, i forhold til musikalar elles.

Eigne løysingar

Medan songane held seg til originalen, har regissør Kolsrud funne andre eigne løysingar med «Woyzeck». Som altså byggjer på Georg Büchners verk frå 1837, som teatergeniet Robert Wilson tok fatt i og laga sin versjon av i 2000, med dei musikalske samarbeidspartnarane Waits og Brennan.

– Eg ville ikkje gjere som Wilson og hans nær teikneseriekarikatur, eg har menneske av kjøtt og blod. Eg gjekk tilbake til Büchners originaltekst og tok inn meir av den. Han skreiv om den vesle mannen – det var uhøyrt den gongen. Det var ei historie om undertrykking, som vi framleis har, berre med andre ansikt.

LES SISTE TEATERNYTT HER!

Faktaboks

«Woyzeck. Eit musikalsk mareritt»

• Premiere 29. august på Det Norske Teatret
• Av Georg Büchner, i ein versjon av Robert Wilson, Tom Waits og Kathleen Brennan som hadde urpremiere i København i 2000
• Medverkande: Hans Rønningen, Silje Storstein, Ingrid Jørgensen Dragland, Joachim Rafaelsen, Jan Grønli, Morten Svartveit, Pål Christian Eggen (©NPK)