Viste kvifor Noreg treng bonden

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om få veker startar jordbruksforhandlingane og onsdag nytta Norges Bondelag høvet til å vise politikarane kva dei har å by på. Bondelagskokk Karla Siverts hadde dekt opp eit bugnande bord framfor Stortinget, med påsmurde surdeigsbrød med ost og spekeskinke, yoghurt med solbær og eple, kanel i svingane og eplejus.

Arrangementet er eit oppspark til det komande jordbruksoppgjeret og skal vise fram kvifor Noreg treng bonden, fortel leiar i Bondelaget Lars Petter Bartnes.

– Vi ønskjer å vise fram dei gode verdiane og fellesgoda landbruket står for. Det gjer vi i dag med arrangement over heile landet. Samtidig er det viktig for oss å kome i kontakt med stortingspolitikarane, seier Bartnes.

LES OGSÅ: Her er Listhaug-protesten som fenger landet

Partileiar i Venstre Trine Skei Grande under bondefrukosten på Eidsvolls plass. Her saman med stortingsrepresentant Pål Farstad (V) frå Møre og Romsdal. Foto: Andrea Øien Sæverud / NPK

– Vis kva de kan
Medan politikarar og andre interesserte forsynte seg med ein smak av norsk landbruksnæring, serverte Bondelaget i tillegg appellar frå scena. Først ut var direktør i Innovasjon Noreg Anita Krohn Traaseth. Iført ei t-skjorte med påskrifta «Bonde» oppmoda ho norske bønder til å vise seg fram heile tida – ikkje berre med morske miner i protesttog når det er brot i jordbruksforhandlingane.

– De må vere tydelegare på kva de har fått til! Veit folk eigentleg kor mykje datateknologi som blir brukt i landbruket i dag?

Innovasjon Noreg-direktøren viste til at Noreg no står føre eit grønt skifte der bøndene har ein gyllen sjanse til å satse.

– Vi er på veg ut av oljeskuggen og inn i bioenergien. Norske bønder, no ligg alt til rette, no må de forsyne dykk!, oppmoda Krohn Traaseth ivrig.

LES OGSÅ: Odelsjenta får ikkje garden

Blanke ark
Det komande jordbruksoppgjer er det første for leiar i Noregs Bondelag Lars Petter Bartnes. Han tek over stafettpinnen etter førre leiar Nils T. Bjørke, som i fjor gjekk i klinsj med landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp).

Forhandlingane gjekk etter kvart i stampe og brotet førte til at tusenvis av bønder frå heile landet samla seg til protesttog i hovudstadsgatene mot landbrukspolitikken til regjeringa. Bartnes håpar ein kan unngå liknande scener i år.

– Vi går inn i eit nytt oppgjer med blanke ark og ser på moglegheitene for å få til ein god avtale som gagnar både samfunnet og bonden. Vi håpar vi kan unngå ein situasjon som endar med brot, seier bondelagsleiaren.

LES OGSÅ: Listhaug vil skaffe fleire unge bønder