– Viser kor sterke me er saman for nynorsken

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva har gledd deg mest i 2016?

– Det gler meg at så mange engasjerer seg for språk og gjer det dei kan når noko står på spel. I høyringsrundane om Vestlandsregionen såg me kor sterke me er når me står saman for nynorsken. Det må òg nemnast at i år gjekk talet på nynorskelevar opp, og Stortinget vedtok å greie ut om retten til opplæring på eige språk skal utvidast til også å gjelde elevar i ungdomsskulen. Attpåtil kan eg melde om medlemsvekst i Målungdomen, så det er mykje å gle seg over!

– Kva har skuffa deg mest i 2016?

Det er lenge sidan eg har vore like skuffa som då intensjonsavtalen om Vestlandsregionen vart laga. Det var beint fram sjokkerande at politikarane ikkje tok ansvar for nynorsken frå fyrste stund. Eg vart òg både skuffa og rasande då eg fekk høyre at ei veninne av meg vart spotta på trikken berre fordi ho hadde eit jakkemerke med «Eg <3 nynorsk» på. Slike hendingar syner kvifor det er viktig at me engasjerer oss for språket vårt, og med vonbrot og sinne kjem òg pågangsmot.

– Kva er det største ønsket ditt for 2017?

Eg ynskjer meg meir språkleg toleranse og medvit. Eg ynskjer meg at alle skal få snakke og skrive som dei vil utan å verte utsette for negative ytringar om språket deira, og eg ynskjer meg fleire gode politiske vedtak som styrkjer språkmangfaldet vårt.

– Kva bok vil du anbefala andre å lesa i romjula?

Knutar av Gunnhild Øyehaug. Ei tynn og lita bok, men ei stor lesaroppleving. Her får du mykje att for innsatsen! Gunnhild Øyehaug har skrive 22 noveller om relasjonelle band i ei god blanding av det sanselege og surrealistiske, og det heile er pakka inn i ei glimrande språkdrakt.

LES OGSÅ:  RU-leiar Linn-Elise Øhn Mehlen om året som har gått