Virus med gift-gen frå svart enke skaper frykt

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Virus med gift-DNA skaper frykt

Korleis enda delar av eit gift-gen frå ei svart enke opp i eit virus som infiserer ein av verdas mest suksessfulle bakteriar, spurte Ed Young i The Atlantic, tysdag denne veka.

Eit viral forskingsnyhende om eit virus som best kan beskrivast som Spidervirus tek internett med storm. Bisarr, viktig og gåsehudframkallande forsking (og forskingsformidling) på sitt beste.

Bak studien med den umoglege tittelen “Eukaryotic association module in phage WO genomes from Wolbachia”, skjuler det seg altså ei svært fascinerande historie om virus, bakteriar og edderkoppar.

For nokre er ideen om eit virus på innsida av ein bakterie inne i ein edderkopp ein trio av marerittframkallande proposjonar. Men for forskarparet Seth og Sara Bordenstein er dei nye resultata eit viktig og engasjerande gjennombrot.

LES OGSÅ: Fryktar langtidskonsekvensane av zika-viruset

Bordensteinparet har forska på viruset (kalla WO) som infiserer bakterien Wolbachia i nesten 15 år. Wolbachia bur på innsida av insekt, slik som edderkoppar, fluger og mygg. (Eit av forslaga for å stoppe zikaepidemien i Sør- og Mellom-Amerika er å infisere myggen med Wolbachia, som reduserer spreiing av zikaviruset.)

Dei oppsiktsvekkande nye resultata kjem frå DNA-analysar av WO, og konklusjonen om at viruset inneheld delar av eit gen som truleg stammar frå ei sort enke.

Virus er små bandittar, og kan infisere anten dyr eller bakteriar. Virusa låner kopieringsmaskineriet til vertscellene for å lage tusenvis av kopiar av seg sjølv. Nokre gonger tek kopimaskina med seg DNA frå verten, og inkluderer det i dei nye virusa. Truleg er det dette som har skjedd med den sorte enka og det bisarre viruset, sjølv detaljane for når, kvar og korleis er ukjende.

LES OGSÅ: Forsking på farlege virus er ute av kontroll

I DNA-analysane av WO fann Seth og Sara delar av genet for latrotoxin – stoffet som gjer den sorte enka så giftig. Eit WO-virus, på innsida av ein bakterie, inne i ein edderkopp, har altså fått med seg delar av gift-genet til edderkoppen.

Latrotoxin lagar hol i celleveggen, og det spekulerast no i om viruset utnyttar denne eigenskapen på veg frå bakteriar inne i edderkoppar og vidare til neste vert. Heldigvis er ikkje viruset interessert i å infisere menneskeceller.

Enno.

LES OGSÅ: Sensjonelt edderkoppfunn i Gudbrandsdalen