Vinnar av skrivekonkurranse: – Det kunne vore oss

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det kunne vore oss

– Hurra!

Det er reaksjonen til Thea Soma Tysnes når ho får vita at ho har vunne skrivekonkurransen til Framtida.no og Magasinett.

Eg vart både overraska og glad då eg fekk beskjed om at eg hadde vunne, seier 10.-klassingen ved Nattland skole i Bergen.

Hovudpremien er på 2000 kroner.

I skrivekonkurransen, som omhandla korleis me kan ta i mot dei som kjem til Noreg, skriv ho mellom anna:

«Me må handla på ein måte som gjer at me kan sjå oss sjølv i spegelen om nokre år. For at me skal kunne det, er det mange som må koma ned frå sin høge hest og passa på ordbruken sin.» 

LES HEILE VINNARBIDRAGET HER!

– Er du opptatt av innvandring og integrering?

– Dette er noko som har stått på dagsordenen i lang tid, og som gjeld oss alle. Eg ynskjer difor å halde meg orientert og gjerne bidra med noko sjølv.

– Kva var det som gjorde at du blei med i konkurransen?

– Me hadde ei skriveøkt i nynorsk med emnet innvandring og integrering. I samband med dette vart me oppmoda om å delta i skrivekonkurransen på Framtida.no. Eg brukte mykje tid på å setja meg inn i emnet, og tenkte at eg ikkje hadde noko å tape på å sende inn mitt innlegg. Det er fyrste gong eg deltek i ein slik konkurranse.

Mange gode innlegg
Totalt kom det inn over 40 innlegg i skrivekonkurransen, mange med god kvalitet.

Juryen til Framtida.no og Magasinett meiner innlegget til Thea Soma Tysnes skilte seg ut som klart best. Ho hadde god problemforståing, og tok med fleire sider, fakta og kjelder.

Juryen kjem òg med særleg ros til bidraga til Aurelia Massacand, Hanne Ødegård Ramsli og Natalia Borsholm. Dei får kvar si bok i posten.