Vinjesenteret eitt hakk nærmare mål

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorsk kultursentrum har fått dispensasjon frå kulturminnelova til å bygge det nye Vinjesenteret på skuletomta, skriv Vest-Telemark Blad.

Skulen ligg innanfor sikringssona for ein gravhaug frå eldre jernalder. Denne gravhaugen blei skadd allereie i 1973 då skulen blei bygd.  

Ottar Grepstad, direktør i Nynorsk kultursentrum som står bak Vinjesenteret, er glad for at byggeløyva er på plass.

– Slike spørsmål skal ingen ta lett på. Vi har samarbeidd godt med Telemark fylkeskommune og hatt gode møte med Riksantikvaren. No skal vi vise at vi forstår kva det betyr å forvalte det ansvaret som ligg i den positive avgjerda som Riksantikvaren har teke etter ei svært grundig vurdering, seier han i ei pressemelding.

Vinjesenteret har planar om å bygge om skulen, i tillegg til å reise ein ny kontorfløy på staden. Verken ombygginga, bygginga eller drifta av Vinjesenteret vil skade gravhaugen.

– Vi kjem til å bruke dette gravfeltet i nokre av dei forteljingane som Vinjesenteret skal gi publikum. Samla sett kan difor Vinje-senteret styrkje kulturminnevernet i området, seier Ottar Grepstad.