Vinje rasar mot «Østfold-L» på barne-TV

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag melde Minerva at Finn-Erik Vinje «rasar» mot bruken av såkalla «Østfold-L» på NRK Super.

– Ettersom NRK ikkje lenger vil vita av omgrepet korrekt språk (standardspråk), men let alle fuglar syngja med sitt nebb, er det logisk at også «Østfold-L» blir fullt anerkjent, liksom «sj-lyd» i ord som kjære og kjøpe, seier den pensjonerte professoren og språkrøktaren til nettavisa.

NRK: – Naturleg utvikling
L-lyden som på fagspråket heiter «apikal L» har ingen plass i det normale lydsystemet i norsk, uttalar Vinje, som meiner NRK fråskriv seg språkansvar.

Inger Johanne Solli, leiar av språkstyret i NRK, forklarer overfor Dagbladet at dei ser utbreiinga av Østfold-L-en på Austlandet som ei naturleg språkutvikling.

– Me seier ingenting om «Østfold-L-en», då me meiner han ikkje øydelegg for forståinga, seier Solli.

LES OGSÅ: Ein østfolding kjem ut or skapet som nynorsking

– Grusam hemn
Utspelet frå Vinje har vekt sterke reaksjonar dei siste dagane. Beskjeden frå Fredriksstad Blad er klar: «Ta deg en bojlle, Finn-Erik!», skriv dei på leiarplass.

I 2013 gav lokalavisa i Østfold-metropolen ut ei heil avis på dialekt, og måtte då tola å få kjeft frå Vinje.

«Kjære barn. Ikke la Finn-Erik Vinjes bekymring bli deres. Hans syn på språkutvikling er foreldet. Hans antipati mot vår dialekt er smålig,» skriv dei i dag.

LES OGSÅ: I fjor kom ei heil utgåve av Fredriksstad Blad på nynorsk. Finn ut kvifor!

«Heimfylket» til den utskjelte L-lyden svarar med humor på sin offisielle Twitter-konto:

 

Finn-Erik Vinje, som tidlegare har kåra Fredrikstad-målet til «Noregs styggaste dialekt», blei rett og slett eigd, meinte somme.

 

Andre tok seg tid til å argumentera mot Vinje:

 

Feil eller ikkje: Alt tyder på at Østfold-L-en held fram med å breia om seg, både i og utanfor TV.