– Ville slå eit slag for nynorsken

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei lagar jo nye ord i engelsken heile tida. Det same må me gjere i norsken, så me ikkje får eit fattigare språk, seier Stian Grundstad i Bergen Student-TV til Framtida.

Det starta med at han og nokre andre i Bergen student-TV fann Språkrådet si liste over norske avløysar ord. Den tykte dei var veldig morosam, og laga difor ein musikkvideo om temaet. Det vart filmen «Norsk antibiotikum», som er full av norskspråklege godbitar.

LES OGSÅ: Det heiter ikkje: selfie – no lenger

Hovudkvarteret
«I alle år har engelsken infiltrert det norske språket», slår filmen fast innleiingsvis. Trass i at Språkrådet vart oppretta i 1951 for å finne norske avløysarord, er det fleire og fleire engelske ord som «snik seg inn».

Me vert teke med til hovudkontoret til Det norske språkråd. Her føregår idédugnad, ikkje brainstorming.

LES OGSÅ: Klar med nynorsk Miley Cyrus-video

Motemolo
Låta er ein kur mot engelsk i språket, noko filmskaparane har vorte meir medvitne på i det siste.

– Me har byrja å arrestere kvarandre på det, seier regissør og manusforfattar Stian Grundstad.

Og sjølv har han funne ein favoritt mellom alle dei nye norske orda han har lært.

– Eg tykkjer motemolo er eit veldig morosamt ord, som eg har oppdaga at vert brukt mykje, mellom anna i teksting på tv.

I tillegg tykkjer han programlus, har ein meir positiv klang enn det engelske ordet bug, som kan skape trøbbel med datamaskina.

LES OGSÅ: Aasen på fjerdeplass i VG-kåring


Martin Roska er eine halvdelen av duoen Breaking Band, laga av Bergen Student-TV. Foto: BSTV

Aasen i kampen 
Ane Tryggeseid, ein av dei to songarane, har òg vore sentral i prosessen med idè og manus.

«Du besudlar vår friske sunne norske ætt, når du kallar deg norsk og brukar ordet app», syng Tryggeseid, ein av «språkets disiplar», som vil hjelpe oss med våre «engelske skavankar».

Og i kampen mot engelsken har Ivar Aasen fått ei rolle:

«Ivar Aasen gir deg fingeren, og snur seg i grava», lyd avsluttinga av refrenget.

– Me bestemte at når me skulle lage ein video om språk, så ville me slå eit slag for nynorsken, som har vore litt utstøtt, forklarar Grundstad, som sjølv kjem frå Lofoten, men har studert film og tv-produksjon ved Universitetet i Bergen.

– Eg har inntrykk av at nynorsken ikkje er så forhatt som før. At det har fått meir respekt og at det er fleire unge som tek det aktivt i bruk.

Og det manglar ikkje på kreative avløysarord til engelsken: Body vert trusebluse. Eit veldig logisk, men samstundes ganske ekkelt ord, tykkjer filmskaparen. Chip vert integrert krins og keyboard vert tangentfjøl. Potetlauv, snøggmat, hytteost og røyndoms-tv, er andre gode forslag.

Men Grundestad trur ikkje alle orda vil slå an:

– Snakkesnor, som betyr handsfree, er litt rart.

LES OGSÅ: Språkrådet ut mot engelsk patentbehandling

IT-jungelen
Anglifisering av språket kallast det, når norsken får stadig fleire innslag av engelsk.

Engelske ord snik seg inn i dei fleste fagområde, kanskje særleg dei som handlar om teknologiske nyvinningar. Regissøren fortel at dei IT-relaterte avløysarorda har skapt diskusjon i ulike fora på nettet. Nokre meiner avløysarorda er forvirrande, medan andre er glade for at ein freistar å finne norske alternativ. 

Grundestad, meiner ikkje at engelske lånord i norsken er eit stort problem, men at det kan verte det dersom ein vel engelsk framfor norsk.

Og når dei engelske orda først får feste i språket, vert dei verande, difor bør ein lage norske alternativ så snart som råd.

– Jo tidlegare ute ein er, jo betre. For når dei engelske orda først er etablert, må ein køyre kampanjar for å endre dei, peikar Grundstad på.

Javasnutt?
I byrjinga av filmen kjeftar språkdisiplane på nordmenn som nyttar ordet app. I slutten vert alternativet javasnutt lansert.

– Dette må vere det søtaste ordet Språkrådet har funne opp. Morosamt at det ikkje er heilt korrekt, applikasjonar til smarttelefonar brukar sjelden Java, men Flash, informerer regissøren.

Sja musikkvideoen her: