Ville du husa ein flyktning?

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ei undersøking Norstat har utført blant 1000 nordmenn for Vårt Land svarar 34 prosent ja på  spørsmålet: «Om myndighetene seier det er avgjerande for om Norge kan ta i mot fleire flyktningar, vil du huse flyktningar i heimen din eller i ein bustad du eig (hytte, leilegheit, feriehus og liknande) for ein periode på 3 eller 6 månader?». Vårt Land skriv at dess større hushaldningane er, dess større sjanse er det for at dei svarar ja på spørsmålet.

Nordlendingar mest negative
På den andre sida svarer 62 prosent av dei spurte nei på spørsmålet. Undersøkinga syner at det er fleire over 50 år, 71 prosent, som fell på denne konklusjonen enn yngre aldersgrupper. Nordlendingar er også meir negative enn andre deler av landet. Det same gjeld FrP-veljarane blant dei spurte. Berre sju prosent av desse svarer ja på spørsmålet. Blant Senterpartiet sine veljarar seier 79 prosent nei. Fire prosent av dei Norstat har spurt svarar «veit ikkje» på spørsmålet.

LES OGSÅ: Svenske kommunar skal tvingast til å ta imot flyktningar

Kvinner mest positive
Dei mest positive i undersøkinga finn vi i Midt-Norge, på Sørlandet inkludert Telemark og i Oslo. Når det gjeld veljargrupper er dei mest positive Rødt-veljarane. 75 prosent av dei som stemmer på partiet svarar ja på spørsmålet. Blant Miljøpartiet Dei Grøne svarar 53 prosent ja.

Vårt Land skriv at kvinner er meir positive enn menn. 39 prosent av dei spurte kvinnene seier ja, medan talet er 29 prosent blant menn. Undersøkinga syner at det ikkje er noko samanheng mellom svaret ein gir og om ein bur på landet eller i meir urbane strøk.