Vil starta med sidemål frå 2.trinn

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I vinter blussa nynorsk- og sidemålsdebatten opp for fullt då det blei klart at Utdanningsdirektoratet arbeidde med eit forslag om å kutta ut eigen karakter i sidemål og redusera krava til sidemålskompetanse.

I dag, onsdag, sender Utdanningsdirektoratet forslaga til ny læreplan i norsk til kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

I den nye læreplanen føreslår ein at alle elevar skal ha snakka om dialekt, bokmål og nynorsk før dei går ut av 2. trinn på barneskulen. Ein skal òg ha lytta og snakka om tekstar på bokmål og nynorsk i løpet av dei første to skuleåra.

Vebjørn Sture, leiar i norsk Målungdom, er glad for at ein begynner med dette tidlegare.

– Men det blir veldig uforpliktande, og veldig avhengig av kvar lærar, seier han.

Målungdomen ønskjer skriving i sidemålet mykje tidlegare, og vil at elevane skal begynne med dette seinast på 4. trinn.

QUIZ:Skjønar du bokmål?

Sidemålseksamen på Vg2?
Det er venta å bli mest debatt om korleis lærarane skal vurdera elevane.

Utdanningsdirektoratet føreslår tre alternativ til vurdering:

Alternativ 1:
10.trinn: Elevane skal ha to standpunktkarakterar, ein i munnleg og ein i skriftleg, som er felles for hovudmål og sidemål. Elevar kan trekkast ut til eksamen i skriftleg hovudmål og munnleg.

Yrkesfag Vg2: Ein felles standpunktkarakter. Elevane kan trekkast ut til skriftleg eksamen i hovudmålet og munnleg eksamen.

Vg3: To standpunktkarakterar (munnleg og felles skriftleg), obligatorisk eksamen i hovudmål, og elevane kan trekkast til eksamen i sidemål og munnleg.

Alternativ 2:
10. trinn: To standpunktkarakterar (munnleg og felles skriftleg), trekkeksamen med både hovud- og sidemål.

Yrkesfag Vg2: Ein felles standpunktkarakter. Eksamen som i dag.

Vg3: To standpunktkarakterar (munnleg og felles skriftleg), obligatorisk skriftleg eksamen er felles for begge målformene, og trekkeksamen i munnleg.

Alternativ 3:
10.trinn: Ein felles standpunktkarakter. Eksamen anten som i alternativ 1 eller alternativ 2.

Yrkesfag Vg2: Ein felles standpunktkarakter. Eksamen som i dag.

Vg2, studieførebuande utdanningsprogram: Obligatorisk eksamen i sidemål.

Vg3: Ein felles standpunktkarakter og obligatorisk eksamen i hovudmål. Kan trekkast ut til munnleg eksamen.

Leiar i Norsk Målungdom, Vebjørn Sture, meiner alle dei tre alternativa inneber ei nedvurdering av kor viktig det er å læra nynorsk og sidemål. Om han må velja, vil han ha alternativ 3, dersom eksamen vert splitta opp i to eksamensdagar.

– Det er alternativ 1 som er "lungebrannen" her, medan alternativ 2 og 3 er ulike former for influensa. Alternativ 3 har fordelen av ein eigen karakter, og alternativ 2 fordelen av at sidemålsopplæringa også held fram i VG3. Det er utruleg synd at dei to tinga skal setjast opp mot kvarandre på den måten, seier han til Framtida.no.

Det viktigaste for Norsk Målungdom er at ein får dokumentert sidemålskompetansen sin.

Mindre synsing
Gunnar Skirbekk reiste i vår ein debatt om læreplanen i norsk med ein kronikk om norskfaget i Bergens Tidende. «Utdanningsdirektoratet leverer høgttravande og innhaldstom pedagogisk retorikk og stiller urealistiske krav til elevane i norskfaget», skreiv Skirbekk, som er professor emeritus i filosofi ved Universitetet i Bergen.

LES OGSÅ: Læreplan utan bakkekontakt

I dagens læreplan står det mellom anna at elevane skal kunne «forklare hvordan litteratur og andre kunstuttrykk i og utenfor Norge har påvirket hverandre de siste århundrene» og at ein skal kunne «drøfte sider ved norsk språkpolitikk og kulturutvikling i et globaliseringsperspektiv». Ein skal òg kunne «drøfte det moderne prosjektet slik det uttrykkes i tekster av sentrale forfattere fra opplysningstiden via realismen til i dag».

I det nye forslaget frå Utdanningsdirektoratet har ein meir realistiske mål. Og dei vanskelegaste kompetansemåla, som til dømes å skriva essay og retoriske analysar, skal ein berre gjera på hovudmålet, ifølgje forslaget.

LES OGSÅ: Vil ha ekstrapoeng for nynorsk

Lågare krav til sidemålet
I forslaget til ny læreplan står det at ”det er forventa at elevane har eit større og meir presist ordtilfang og beherskar formverket betre på hovudmålet enn på sidemålet.”

Korleis dette skal definerast er meir uklart. Dette reagerer Vebjørn Sture på.

– Her blir det for mykje opp til kvar enkelt lærar å bestemma, seier han, og åtvarar mot at elevar kan bli få ulike karakterar alt etter kor strenge lærarar dei har.

Han reagerer òg på at direktoratet ikkje vil at ein skal vekte hovudmål og sidemål innanfor ein felles karakter.

– Dette vil føra til at elevar i ulike klassar og på ulike skular kjem til å verta vurderte på heilt ulikt grunnlag. For dei med samvitsfulle og profesjonelle lærarar, vil sidemålskunnskapen telja ein god del. For dei som har uvelvillig innstilte lærarar, som me diverre veit at det finst litt for mange av, vil sidemålskunnskapen telja så godt som ingenting. Dette luktar ansvarsfråskriving, held leiaren i Norsk Målungdom fast.

Læreplanen er venta å bli sendt på høyring 15. november. Målet er å ha den nye læreplanen klar til skulestart hausten 2013.

Kva meiner du om det nye forslaget til læreplan i norsk?