Vil slå saman fylke

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er konklusjonen etter at kommunal- og forvaltningskomiteen tysdag behandla eit representantforslag frå Venstre om å erstatte fylkeskommunane med eit nytt folkevalt regionnivå i samband med kommunereforma.

Ifølgje Venstres representant i komiteen, André Skjelstad, har forslaget fått brei tilslutning.

– Venstre har fått fleirtal for at ein også etter kommunereforma skal ha tre folkevalde nivå, og at ein i samband med reforma skal sjå på kva for oppgåver som skal liggje på regionnivået, seier han.

Komiteen ber regjeringa om å kome med ei stortingsmelding om regionnivået våren 2015.

Komitébehandlinga viser at det er store sprik i partia sitt syn på fylkeskommunane. Medan regjeringspartia Høgre og Frp i utgangspunktet ønskjer å leggje ned fylkeskommunen og overføre oppgåvene til kommunane, meiner Senterpartiet og SV at ei eventuell samanslåing av fylkeskommunane til større regionar må skje på frivillig basis.

Forslaget til kommunereform skal etter planen leggjast fram i 2017. (©NPK)

Kva synest? Er det på tide å slå saman fylkeskommunane til regionar? Kva bør regionane få ansvar for?