Vil skapa ein vandrekjole

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta frå Sunnhordaland

– I over to år har kjolen hengt i skapet. Mannen min er uroa for at eg skal få lyst til å bruka han igjen. Difor må eg kvitta meg med han, spøkjer Lisa Instefjord Gilje frå Fitjar.

LES OGSÅ: Selde kjole og ring, gav ut cd

Vil skapa vandrekjole
Sist veke la ho ut brudekjolen sin på finn.no. I motsetnad til storparten av brudekjolane på marknadsplassen, skal Instefjord Gilje ikkje ha noko for han.

Kjolen vert donert til vedkommande som kjem med best mogeleg grunn for å arva han. Det er berre ein klausul: vedkommande må donera han vidare når dei har brukt han. For som fitjarbuen skriv i annonsen: «Kjolen fortener å stråla på strålande personar».

Instefjord Gilje har ikkje fått donasjonstanken ut av det blå.

– Eg såg ein gong ei som gav vekk kjolen sin på Finn, og synest i grunnen det var veldig fint. På denne måten kan eg skapa ein vandrekjole.

LES OGSÅ: Internett er splitta – kva farge har denne kjolen?

Over 20 meldingar
Annonsen har etter kvart skapt meir hovudbry for fitjarbuen enn venta.

 – Eg slit verkeleg med å bestemma meg.

 Alt frå tidlegare rusmisbrukarar til fattige studentar over heile landet har tatt kontakt med fitjarbuen i håp om å få kjolen.

 – Ein sende melding til meg og fortalde at han skulle fri til kjærasten sin og ønskte å tilby ho brudekjole på kjøpet, fortel Instefjord Gilje.

 No har ho eit luksusproblem.

 – Eg sit med minst 20 potensielle kandidatar, og anar ikkje kven eg skal gje han til, seier Instefjord Gilje.

 No har ho sendt ut meldingar til alle potensielle nye eigarar om at ho vil bestemma seg før veka er omme.