Vil laga Noregs beste lokale nettavis

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Truls Sylvarnes (24) byrja i jobben som redaktør for Porten.no i august. Planane er store.

– Me siktar høgt. Viss me klarar å halda fast på journalistisk dugleik og kunnskap i førarsetet, så meiner eg me vil halda målet om å vera den viktigaste informasjonskanalen for folk i Årdal og Lærdal, seier han. Sjølv bur han i Øvre Årdal, der avisa har kontor.

– Når folk får inn på Porten.no skal dei alltid få svaret dei er ute etter.

Sylvarnes blir og landets yngste redaktør, etter at Torunn Støbakk (20) nyleg slutta i jobben som redaktør for Snåsingen, og gir frå seg tittelen rundt nyåret.

LES OGSÅ:Torunn er landets yngste redaktør

– Langsiktig tenking

Truls Sylvarnes har utdanning frå journaliststudiet i Volda, og har eitt år i TV2 Sporten bak seg. Han er ikkje utan erfaring som redaktør. Sidan 2009 har han vore redaktør for Chelsea.no – nettsida for supporterane til det engelske topplaget.

Førebels er han einaste i Porten.no-redaksjonen, men no søkjer nettavisa etter ein fast journalist.

– Eigarane av Porten.no har ei veldig langsiktig tenking, og ser mulegheiter. Det gjer jobben min enklare, seier Sylvarnes.

Sylvarnes meiner framtida for journalistikken ligg på nett.

– Me har eit veldig fortrinn sidan me ikkje treng uroa oss for papiravisa, seier han. Når den Porten.no kjem i ny drakt om kring ein månad, vil dei prøva å satsa meir på levande bilde.

– Levande bilde formidlar kjensler på ein heilt annan måte enn ein kan gjera gjennom tekst og stillbilde, meiner redaktøren.

Nettavisa blir òg mobilvenleg.

LES OGSÅ: Jordeple med kommunekjærleik

Fornybarindustri

Nettavisa fekk namnet sitt namnet sitt etter porten inn til hjørnesteinsbedrifta Hydro i Årdal, der folk i alle år fekk høyra siste nytt.

Årdalssamfunnet har ei aldrande befolkning, og er sterkt avhengig av utviklinga til aluminiumsverket til Hydro. Solindustrien er også ein viktig arbeidsgjevar gjennom wafer-fabrikken til NorSun. Verksemda melde i sommar at dei vil tilsetja opptil ti nye i arbeidsstokken sin.

– Det er fleire positive signal frå private bedrifter som eg håpar blir ein realitet, seier Sylvarnes.

LES OGSÅ:Viljen til å betala for nettaviser aukar