≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Vidaregåande skule, Torbjørn Røe Isaksen

Vil la elevar gå på skule utanfor heimfylket

Regjeringa meiner fylkesgrenser er til for å bli brotne, og foreslår å la elevar få lov til å gå på vidaregåande skule utanfor heimfylket, viss dei treng det.

NPK-NTB
onsdag 27. mai 2015 09.04

Vil la elevar gå på skule utanfor heimfylket Målet er fritt skuleval både over fylkesgrensene og innanfor fylka, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H). Foto: Justis- og beredskapsdepartementet (2013)

Lovendringa som kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) har kalla gjeste-elevgarantien, inneber at elevane er garantert finansiering frå heimfylket viss dei får skuleplass i eit anna fylke, skriv VG.

LES OGSÅ: Fleire fullfører vidaregåande skule

– Vi er enda eit steg nærmare fritt skuleval over fylkesgrensene med denne lovendringa som vi no foreslår. Om du som elev vel skule i eit anna fylke og får plass, kan ikkje fylket du kjem frå, seie nei til å betale for plassen din, seier Isaksen.

– I dag kan fylke seie nei til å betale for skuletilbod i andre fylke. Det betyr at eleven i praksis ikkje har moglegheit til å søke skuleplass i eit anna fylke, seier statsråden.

Etter lovendringa vil det einaste som kan hindre ein elev frå eit anna fylke ein skuleplass, vere eit nei frå ein vidaregåande skule som oppdagar at gjesteeleven tar opp plassen til ein annan elev.

Forslaget skal ut på høyring til hausten, og Røe Isaksen ser for seg at retten til gjesteelevsgaranti vil tre i kraft frå hausten 2016. (©NPK)

LES OGSÅ: Vidaregåande gir mindre kriminalitet


Oppdatert: onsdag 27. mai 2015 09.20
Kommentarar



 
ANNONSE: