Vil kutte skulegudstenestene

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil kutte skule-gudstenestene

Å ha ei gudsteneste i samband med skuleavslutninga før jul har lenge vore vanleg, men Human Etisk Forbund meiner ordninga har gått ut på dato, fortel NRK.no.

– Ideelt sett burde det vore ei avslutning som alle kan vere med på, så får ein bruke kyrkja utanom skuletid, seier Astrid Hammer Bolstad, som er organisasjonssekretær i Sogn og Fjordane.

KOMMENTAR:Ufatteleg å nekta ungar syngja

Ho viser til at det etter kvart er mange som ikkje er medlemmer i statskyrkja, og som ikkje ønskjer å delta i gudstenester. Om ein ikkje går vekk frå skulegudstenestene, bør rektorane som minimumskrav følgje den nye tilrådinga frå Utdanningsdirektoratet om at elevane aktivt må melde seg på gudstenesta for å vere med, meiner Hammer Bolstad. (©NPK)

QUIZ:Er du god på julesongar