Vil kopiera bysykkelsuksess

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me ser til dei store byane, som Oslo. Her på Stord er det ikkje lange avstandar mellom tettstadene, men det tek gjerne ein time å gå. Så kvifor ikkje sykle? Bysyklar vil gjere det lettare å kome frå A til B, i tillegg til at det er bra for folkehelsa. Sykkel er både miljøvenleg og effektivt i forhold til å gå, reklamerer Maria Irgens andrekandidat for Stord Venstre.

LES OGSÅ: Syklar dobbelt så mykje med el-sykkel

Sykkelsuksess i Oslo
Reklame er noko som fleire vil påstå er eit vonde, som har kome med bysyklane i dei store byane. Irgens er villig til å sleppe reklame inn i bybiletet dersom det er naudsynt for å få bysyklar, men fortel at dei òg vil søkja støtte andre stader.

Kor mange og kvar bysyklane skal plasserast er framleis eit ope spørsmål, men Irgens ser for seg stativ på sentrale plassar som ved kulturhuset, Aker og på Heiane.

Ho trur syklane vil verte ei gode både for innbyggjarane, særleg studentar og ungdommar, og båtturistar, som kanskje vil ta seg ein handletur på Heiane. Kanskje kan hobbymosjonistane òg få seg eit spark bak?

– Eg har ei søster som bur i Oslo og har sett at det ofte er få ledige syklar og kor nøgd dei er med ordninga der. Men det vil ikkje verte slik på Stord at du alltid kan setje frå deg sykkelen rett utfor døra, seier Irgens, som trur at om syklane får stå i fred og vedlikehaldet er større utfordringar enn avstandane.

LES OGSÅ: – Framtidas russ er sykkelruss

Dårlege køyrevanar
Venstrepolitikaren trur bysykkel i aller høgste grad kan vere konkurransedyktig med den lokale kollektivtransporten både på pris og fleksibilitet. Som mange andre stader er kollektivtransporten på Stord tilrettelagt skulerutene og har få kveldsavgangar. 

Sidan mange bussar køyrer tomme tykkjer Irgens det er vanskeleg å ynskje seg fleire avgangar. Ho føreslår heller å bytta ut dei store bussane med mindre bussar, sjølv om det kan vere eit skot for baugen for by-imaget.

Venstrepolitikaren er ikkje nøgd med stordabuen sine daglege reisevanar.

– Dei bruker helst eigen bil og reiser lite med kollektivtrafikk. Dei fleste køyrer ein i kvar bil til jobben. Det er inga sampendling. Det er sikkert komfortabelt i den bilen, men folk må ut av komfortbobla, meiner Irgens, som opplever at det som utfordrande å løfta miljøsaker i valkampen.

– Det kan ha samanheng med den industrien som er her. Miljø er ikkje akkurat det som står høgast på agendaen til folk. Det er ofte økonomien som styrer. Det er dumt, for me kunne sikkert gjort noko med dei totale utsleppa. Ein må få dei små hjula til å snurra, seier Irgens, som trur utdanning, omsorg og oppvekst vil verte dei viktige sakene lokalt.

LES OGSÅ: – Kan bli ein langvarig strid om Førdefjorden

Medvitne unge – blinde gamle
Likevel ser Venstre-politikaren ei gryande interesse for miljø blant framtidas veljarar.

– Eg føler dei unge byrjar å verte meir miljømedvitne, fordi dei har innsett at det er dei som skal leva vidare med det. Så har du dei eldre som har sett korleis miljøet vert påverka og dei som ikkje vil sjå, avsluttar 24-åringen.