Vil ikkje avvikle i pelsdyrnæringa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sjølv eg som er kritisk til meir regulering enn nødvendig, meiner faktisk at denne næringa treng det no, sa landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) då han la fram stortingsmeldinga om pelsdyrnæringa fredag.

Maks to i kvart bur
Vanlegvis er det tre til fem dyr i kvart bur. Blant forslaga i meldinga er eit forbod mot å halde to eller fleire minkar av same kjønn i same bur. Ifølgje ministeren kan dette tiltaket redusere risikoen for skade frå 8– 9 prosent til 2– 3 prosent.

Pelsdyrnæringa får også strengare krav til dokumentasjon, slik at krava blir likare dei som finst for anna husdyrhald.

– For meg er det relativt sjølvsagt at pelsdyrnæringa må ta omsyn til same reglar som anna produksjon, seier Dale.

I dei nye reglane blir det også føreslått at dyra skal få meir stimulerande aktivitetsobjekt, betre tilpassa fôr og at det skal innførast strengare krav for bruk av nakketang på rev.

– Med dei tiltaka vi set i verk no, vil det vere grunnlag for å vidareføre pelsdyrnæringa. Noreg vil vere i front internasjonalt når det gjeld dyrevelferd i pelsdyrnæringa, sa Dale.

Ikkje avvikling
Meldinga drøftar ei styrt avvikling av næringa, og kjem fram til at det vil føre til økonomiske tap for oppdrettarane og truleg også for samfunnsøkonomien.

– Eg trur at viss du forbyr norsk pelsdyrproduksjon, så vil det einaste du oppnår, vere å skyve produksjonen over til land med svakare regelverk, sa Dale.

Han sa også at sjølv om rapporten viser at det er mogleg å forby avl, så vil det vere vanskeleg å halde oppe forbod mot import av pels og dermed vil etterspørselen etter importert pels auke.

– Verst tenkjeleg løysing
Pelsdyrnæringa er ikkje fornøgd med forslaget til regjeringa, og meiner at det gir vanskelege rammevilkår for næringa, viss dei ikkje får offentlege subsidiar.

– Dette er verst tenkjelege løysing, og i strid med kva Pelsdyrutvalget la til grunn om reell berekraft, seier styreleiar i Norges Pelsdyralslag, Bertran Trane Skadsem.

Kravet om maks to minkar i eit bur vil føre til at ein gjennomsnittleg pelsdyrfarm må investere 3 til 3,4 millionar kroner, ifølgje næringa. (©NPK)