Vil ha språk inn i folkeregisteret

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På landsmøtet i april vedtok Norsk Målungdom at dei vil at ein skal kunne registrere språk i folkeregisteret.

– Noreg har to offisielle norske skriftspråk, og kvar og ein av oss står fritt til å velje kva for eit vi ynskjer å bruke i det daglege. Ved å kunne registrere servicespråk og morsmål i folkeregisteret, legg ein det ikkje over på folk flest å syte for å få rettane sine oppfylt, seier Synnøve Marie Sætre, leiar i Norsk Målungdom

Ei liknande løysing finst til dømes i Finland. Der registrerer ein kva morsmål kvar enkelt borgar har og kva servicespråk dei vil at staten skal kommunisere med dei på. Såleis veit det offentlege automatisk kva for språk dei skal nytte. – Slik registrering gjer det mogleg å få betre dokumentasjon på kor mange som brukar dei ulike språka. Det vil òg gjere det lettare å utforme god politikk for å styrke dei ulike språka, seier Sætre.

– Å registrere språk i folkeregisteret vil gjere det enklare for offentlege etatar å vite kva språk brukarane deira skal ha. I dag må borgarane sjølve passe på at staten oppfyller rettane deira, og dette skjer ofte ikkje utan plunder og heft. Men språk i folkeregisteret vert det lettare for offentlege etatar å yte gode tenester til alle i Noreg, uavhengig av kva språk dei nyttar, slår Sætre fast.