Vil ha slutt på «godteri-terror»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til VG seier Høie at han vil samarbeide med matkjedene for å finne løysingar som gjer at sukker og godteri hamnar andre stadar enn i kassakøen.

– Eg har sett meg grundig lei på det foreldre blir utsette for i kassaområdet i matbutikkane våre. Det blir skrik og krangling fordi det står sjokolade og godteri i høgde med ungane. Den kampen bør foreldra sleppe å ta kvar dag. Det er rett og slett godteri-terror som vi må bli kvitt, seier helseministeren.

– Vi vil ikkje bruke lov eller påbod for å tvinge private aktørar til å rokere på sortimentet, men vi trur at kjedene ser behovet og vil vere med på ei endring, fortset han.

Både NorgesGruppen, Rema 1000 og Coop seier dei er positive til Høies forslag.

– Eg synest det er spennande signal frå Høie. Vi ser for tida på om vi skal prøve meir sunne varer i kassaområdet. Vi må finne ein balanse som passar, seier kommunikasjonsdirektør Bjørn Takle Friis i Coop. (©NPK)

Har du fått med deg denne? Hugs at også sukker er ei grønsak!