Vil ha øl på fotballkampar i Oslo

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha øl på fotballkampar

– Det er feil signal å sende ut til familiar som ønsker å ta med seg barn på kampane. Vi ser heller ikkje at det skal vere eit behov for å løfte opplevingskvaliteten gjennom å selje alkohol på tribunane, seier kommunikasjonssjef Per Tøien i Norges idrettsforbund til NRK.

LES OGSÅ: Høie vil gjere tobakk kjedeleg

Økonomisk vinning
Forslaget frå Unge Høgre blir snart bli fremma for bystyret i Oslo. I Stavanger har Viking og Stavanger Oilers tidlegare fått løyve av kommunen til å servere alkohol på bestemte stader.

2. nestleiar i Oslo Unge Høgre, Nicolai Øyen Langfeldt, ønsker å få same ordning i Oslo. Dei peiker blant anna på den økonomiske gevinsten for klubbane.

– Det er viktig å sikre klubbane gode budsjettrammer. Vålerenga har hatt økonomiske problem dei siste åra og då meiner eg alkoholsal vil vere med på å auke inntektene og gi publikum ei betre oppleving, seier Langfeldt til statskanalen.

LES OGSÅ: Ungdomsfylla er halvert

Eigne familietribunar
I Vålerenga meiner dei at det bør kunne blir servert alkohol på deira planlagte stadion på Valle.

– Med dei stadiona vi har no klarar vi lett å lage ei avskjerming på ulike seksjonar. På den måten kan vi gi gode familietribunar og samtidig legge til rette for seksjoner der det blir servert alkohol, seier Stig Ove Sandnes i Vålerenga til NRK. (©NPK)