Vil ha norsk antislaveri-dag

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Alle offer for menneskehandel burde få opphaldsløyve i Noreg, då vil kanskje enda fleire stå fram om dei har denne sikkerheita, seier KrFU-leiar Emil André Erstad i ei pressemelding.

Dette er eitt av fleire tiltak ungdomspartiet meiner kan bidra til å avdekkje bakmennene som utnyttar menneskjer i moderne slaveri.

Her er dei heilt på bølgjelengde med moderpartiet KrF, som i går fremma ni forslag mot menneskehandel for Stortinget.

LES OGSÅ: Barneombodet uroa for sårbare Oslo-barn

Refsar reglane
Denne veka fortalde Brennpunkt-dokumentaren «Fortell og forsvinn» historia om offer for menneskehandel i Noreg, som vert sendt ut etter å ha samarbeidd med politiet.

Dersom offera vitnar i ei rettssak mot bakmennene får dei opphaldsløyve og vern, men sidan mange saker ikkje kjem til retten, risikerer meldarane å verte sendt ut av landet.

«Skal vi be ofrene anmelde når vi vet at det ender med henleggelse?» spør ROSA-leiar Mildrid Mikkelsen i ein kommentar på NRK Ytring.

Dei har ansvar for den norske bistanden og vernet av kvinner og born utsett for menneskehandel.

KrFU-leiaren meiner dagens reglar slett ikkje er effektive for å avdekkje menneskehandel.

– Om ofra for menneskehandel blir kasta ut om dei ikkje får vitna mot bakmennene, gjer dette at færre melder frå. Me burde gjere alt som står i vår makt for at så mange offer som mogleg klarer å bryte ut av det som vi kallar vår tids moderne slaveri, understrekar Erstad.

I dag finst det over 35,8 millionar menneskjer verda over som lever i moderne slaveri, ifølgje Walk Free Foundation.

LES OGSÅ: Menneskehandlarar ser mot Noreg

Politi og flyplasstilsette
KrF og KrFU har tidlegare etterlyst meir kunnskap om menneskehandel. Dei foreslo i sitt alternative statsbudsjett for 2015 å sette av pengar til opplæring av flyplasstilsette og tollarar, slik at dei kan avsløra og melde ifrå om menneskehandel.  

No lovar KrFU at dei fram mot neste statsbudsjett vil løfta framkampen mot menneskehandel som ei av sine fem viktigaste saker.

Ungdomspartiet stiller krav til moderpartiet om at det må løyvast meir øyremerkte midlar til oppretting av spesialgrupper i politiet, etter suksessmodellen frå Bergen.

Hordaland politidistrikt har 16 rettskraftige dommar mot menneskehandlarar, ifølgje Bergensavisen. Dette er like mange dommar som resten av landet til saman, og skuldast mellom anna eit målretta arbeid frå «Exit-gruppa» som jobbar mot menneskehandel.

KrF har allereie fått gjennomslag for å sette av 15 millionar kroner på budsjettet for 2015 til å starte tilsvarande spesialgrupper i dei fem største byane i Noreg.

– Me veit at politiet slit med å finne ressursar til å etterforske menneskehandel godt nok, og at mange bakmenn difor går fri. Me kan ikkje halde fram på denne måten, seier Erstad.

I tillegg til øyremerkte politiressursar foreslår KrF og KrFU på nytt at tollarar og sikkerheitstilsette på flyplassar, sosionomar, helsepersonell, lærarar, tilsette ved asylmottak og barnevernstilsette skal få opplæring i å avdekkje menneskehandel.  

LES OGSÅ:106 asylbarn er forsvunne

Slaveri på pensum og dagsordenen
Ungdomspartiet tek òg til orde for å oppretta eit anonymt telefonnummer mot menneskehandel, å innføre moderne slaveri på pensum i skulen, å innføra ein antislaveri-dag og at det vert forska meir på mindreårige asylsøkjarar som forsvinn frå asylmottak.

Vidare vil KrFU at Noreg forpliktar seg til å følgje Europarådets konvensjon om beskyttelse av barn mot seksuell utnytting og seksuelt misbruk.