Vil ha bokbåten på statsbudsjettet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha båten på statsbudsjettet

Saka var først publisert i Bømlo-Nytt. 

– Me kan ikkje ha det slik at bokbåten vert ein salderingspost i kvart einaste budsjettrunde, meiner Ruth Ørnholt. Ho er fylkesbiblioteksjef i Hordaland, som er eitt av dei tre fylka som spleiser på den unike bokbåten. 

Det er Kommunal Rapport som skriv om ynskjet om å få bokbåten på statsbudsjettet, på si nettside.

– Dersom fylkeskommunane og staten kunne ha spleisa på drifta, ville den ha vore meir føreseieleg enn i dag, meiner Ørnholt som har det faglege ansvaret for bokbåten.

Etter 51 år har no fylkestinget i Sogn og Fjordane bestemt seg for å spara 1,3 millionar på bokbåten. Bokbåten «Epos» er den einaste spesialbygde bokbåten i verda, og går med bøker og kultur i fjordane og til øyane dei tre vestlandsfylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland.

LES OGSÅ: Slutt for bokbåten i Sogn og Fjordane 

«Epos» er eit populært innslag når han legg til kai, og har med seg bøker og underhaldning i form av utøvande kunstnarar til småstader langs vestlandskysten. Og like så visst som hauststormane kjem, kjem forslag i budsjettdebattane i fylkestinga om at bokbåten bør leggjast ned for at ein skal spara pengar.

Båten vert leigd av ein skipper som brukar han til andre oppdrag utanom sesongen, skriv Kommunal Rapport. Sogn og Fjordane skal vera med bokbåten fram til sommaren, men då er det slutt for deira del.

– Det er veldig synd at Sogn og Fjordane ikkje vil vera med lenger. Dei vil spara kring 600.000 kroner på dette, seier fylkesbiblioteksjefen til Kommunal Rapport. No skal ho leggja fram ein rapport om konsekvensane for fylkestinget i Hordaland etter at nabofylket i nord valde å trekkja seg.

– Både Hordaland og Møre og Romsdal vil halda fram samarbeidet om bokbåten, Det vil truleg dreia seg om 100.000 kroner ekstra i året for dei to fylka, seier fylkesbiblioteksjef Ruth Ørnholt som måtte fortelja om den eineståande bokbåten då ho nyleg var i Australia for å snakka om noko heilt anna. 

– Alle vil høyra om bokbåten, seier ho til Kommunal Rapport. 

LES OGSÅ: Facebook-aksjon for å redda bokbåten