Vil ha avstemming om ny vestlandsregion

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fylkespolitikarane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane har forhandla fram ein intensjonsavtale om samanslåing, som er ute på høyring med frist 23. november. Ei meiningsmåling bestilt av NRK viser at 72 prosent av dei spurde ønskjer at det blir gjennomført ei folkeavstemming før saka blir avgjort.

Men fylkesordførarane meiner det ikkje er nok tid til å få til ei folkeavstemming.

– Regjeringa har pålagt oss veldig korte tidsfristar her, så det har noko med den praktiske gjennomføringa å gjere. Men vi trur også breie høyringar kan gi veldig gode svar, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) i Hordaland.

Ønsket om ei avstemming er størst blant folk i Sogn og Fjordane, medan folk i Hordaland er minst opptekne av at det blir utført folkeavstemming. (©NPK)