Vil fjerna tobakksal innan 2035

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil fjerna tobakksalet

– Hadde det blitt forbode med tobakksal hadde det eigentleg vore litt greitt. Då hadde eg nok slutta innan tre veker, sa ein røykande kollega då han høyrde forslaget frå Legeforeininga. – Men det hadde vore problematisk å innføra det, la kollegaen til.

Legeforeininga ynskjer å fjerna tobakksalet innan 2035, skriv Bergens Tidende i dag.

LES OGSÅ: Vil ha full røykestopp

Tre land har gjort det
President i Legeforeininga, Hege Gjessing, seier til Bergens Tidende at utfasinga må skje gradvis, og at Noreg ikkje må henga etter i dette arbeidet.

– Tre land i Europa har allereie vedteke å fasa ut Tobakk: Irland i 2025, Skottland i 2034 og Finland i 2040, seier Gjessing til BT.

LES OGSÅ: Lukt på rosene – redd livet

Forsiktig optimist
Helseminister Bent Høie er positiv til forslaget, men litt meir forsiktig enn Legeforeininga og Hege Gjessing. Eit problem, seier han til BT, er at utfasinga må vera eit resultat av målretta politikk, og ikkje er noko myndigheitene kan bestemma over natta.

Eit tobakksforbod vil uansett vera problematisk, spesielt blant dei mange som meiner du burde vera valfritt å røyka.

– Det er difor eg ikkje har noko tru på å innføra eit forbod over natta, seier Høie til BT.

LES OGSÅ: Kjøt kan vera like dødeleg som røyking