Vil farga heimbygda grøn

Framtida
Publisert
Oppdatert 06.12.2017 13:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

– Korleis folk vil merke at vi sit i kommunestyret? Dei vil merke det ved at vi vil setje miljøkrav i alle saker som blir behandla. Vi vil at Ørsta skal vere først i Noreg med å gjennomføre det grøne skiftet. Vi har gode føresetnader for det, seier Bjørn Helset, førstekandidat for Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) i Ørsta.

Tysdag hadde lokallaget besøk av fylkestopp John John Bruseth. Han besøkte setjefiskanlegget på Vartdal før det grøne følgjet kom til Ørsta.

– Eg sat og såg på NRK sin valdebatt frå Ålesund måndag kveld. Der var det veldig mange som snakka om det grøne skiftet, men det verkar ikkje heilt som dei forstår kva skiftet består av, seier Bruseth.

LES OGSÅ: Grøn medvind i distrikta

Biogass
Ei av sakene partiet køyrer fram i valkampen, er reinseanlegget som er under bygging ved Vikeparken/Hamneparken i Ørsta.

– Det blir eit bra anlegg, men vi meiner potensialet ikkje er godt nok utnytta. Handtering av avfall frå mellom anna Tine og frå setjefiskanlegga i kommunen burde vore ein del av dette prosjektet. I tillegg burde vi brukt avfallet til å lage miljøvennleg biogass. Den kan brukast til mellom anna som drivstoff til kollektivtransport og til oppvarming. I dag har vi vore og snakka med oppdrettsnæringa. Dei er klar for dette, seier Helset.

LES OGSÅ: Vil ha klimarekneskap i kommunane


I bakgrunnen ser vi reinseanlegget som er under bygging på Vikøyrane. MDG meiner potensialet til dette ikkje blir utnytta. F.v.: John John Bruseth, Frida Gilberg, Bjørn Helset og Helge Standal.

Annleis valkamp
Ein valkampsstand hos MDG er ikkje heilt som hos andre parti. Siesta-stolar, grøne vernehjelmar og grøn krigsmåling var alle sjølvsagte ingrediensar då partiet dreiv valkamp i hamneparken tysdag ettermiddag. Og valkampturneen til John John Bruseth består av både standup og musikkinnslag. Alt skjer sjølvsagt med det grøne i fokus.

– Dersom vi gjennomfører mange nok små tiltak, kjem vi raskt det grøne skiftet i Ørsta. Eit døme på dette er eit meir miljøvennleg landbruk. Ørsta er den nest største landbrukskommunen i Møre og Romsdal, så her har vi eit særskilt ansvar. Vi vil ta vare på matjorda og utvikle sentrumsnære bruk og parsellhagar, seier Frida Gilberg, andrekandidat i Ørsta.

LES OGSÅ: MDG får likestillingskritikk

– Eit anna tema er noko så enkelt som kjeldesortering. Her får vi litt hjelp, i og med at det blir krav om dette om få år. Men også her er det viktig å gjennomføre det fullt og heilt. Vi kan ikkje sende biomassen (t.d. matavfall, red. merk.) til Austlandet. Vi må vinne att massen lokalt, seier Helset.

Ja til tunnel og bru
MDG vil sjølvsagt ha mindre bilbruk og er motstandarar av både Fefast og Hafast. Men Ørstafjordkryssinga og Voldatunnelen er dei for.

– Det handlar om livskvalitet, ein av dei viktigaste berebjelkane i politikken vår. Vi må få tungtrafikken ut av sentrum for å betre livskvaliteten for ørstingar og voldingar og legge til rette for å gjere bygdebyane grønare.

– Men kor mange pålegg og kor mykje tvang blir det for folk og bedrifter når de skal gjennomføre det grøne skiftet?

– Vi trur ikkje på å løyse dette med tvang. Folk er i ferd med å ta innover seg at vi må tenke nytt. Vi skal vere eit positivt parti, ikkje eit syteparti, seier fylkestopp Bruseth.

Han er sikker på at MDG får plass både på fylkestinget og i kommunestyra i Ørsta og Volda.

– Ambisjonen er at både eg og Frida skal kome inn i Ørsta. Såpass friske må vi vere.

– Kven skal de stele veljarar frå då?

– Det har vel vist seg at MDG-veljarane kjem frå alle dei andre partia. I tillegg får vi mange sofaveljarar til vallokala, seier John John Bruseth.


Grøn krigsmåling høyrer med når MDG driv valkamp. Andrekandidat Frida Gilberg målar ansiktet til førstekandidat Bjørn Helset.