Vil drive ekte politikk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med erfaring frå ungdomspolitikk og med mange personstemmer, er 18-åringar klare for kommunestyra rundt om i landet.

Dei vil drive ekte politikk, får mykje og lære, og må bryne seg på erfarne politikarar

Arbeidsplassar
– Eg stod på sikker plass på høgrelista, så eg vart ikkje superoverraska på valdagen. Fortel Vetle Wang Soleim (H), som er 18 og nyvald kommunestyrerepresentant på Smøla. Han er òg leiar i Nasjonalt ungdomspanel, og meiner kommunestyreplassen gjev han høve til å drive ekte politikk.

For Vetle er det viktigaste å skape arbeidsplassar, lærlingplassar og bulyst i kommunen.

Systemet
– Sjølv om vi går på skule, og etter kvart tek utdanning andre stader enn i heimbygda, så er det utrolig viktig at ungdommar får plass i kommunestyra. Det kan vera ei tidsmessig utfordring, men dersom det ikkje er mogeleg, så er det systemet og ikkje 18-åringane det er noko gale med, fortel Vetle.

Han trur ungdom i kommunestyra er ekstra viktig i distriktskommune, der dei er opptekne av å få utflytta ungdommar attende.

Melding
Også Britt Mari Engeskar (Ap), 18 år og nyvald kommunestyrerepresentant i Suldal, er litt bekymra for tida.

– Det einaste eg er litt uroa over, er reisevegen. Sidan eg studerarar i Stavanger, får eg to timar reiseveg til kommunestyremøta. Men det er jo mange ungdommar som får endå lenger veg, fortel Britt Marit til Framtida.no.

Med 11. plass på arbeiderpartilista, hadde jo ikkje tenkt så mykje på kommunestyreplass i Suldal. Ho avslutta valvaka ved midnatt. Personstemme og slengarar vart telt, og ho fekk vete om plassen med ein sms klokka seks om morgonen.

Vil ikkje dumme seg ut
– Det er veldig mange saker som er viktig. Eg er til dømes mot vidare sentralisering av skulestrukturen i kommunen. Så er eg veldig oppteken av å få ungdomsråd i kommunen, og det er eg allereie i dialog med ordføraren om.

Britt Mari vert yngst i kommunestyret, og gruar seg litt til å bryne seg på erfarne politikarar.

– Klart det vert litt skummelt, og er veldig redd for å dumme meg ut. Men mest av alt gledar eg meg, avsluttar den nyvalde 18-åringen.