Vil avskamme seksuelle overgrep

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tre av fire norske ungdommar som har vore utsett for seksuelle overgrep har prøvd å skjula det. Nesten like mange oppgir at dei har skamma seg og sett ned på seg sjølv.

LES OGSÅ: Éin av ti har vore utsett for vald heime

Forsiktig nedgang
Fredag presenterte Nasjonalt kompetansesenter for vold og traumatisk stress (NKVTS) ei ny nasjonal omfangsundersøking av vald og valdtekt i oppveksten.  

1012 jenter og 1050 gutar i alderen 16-17 år har svart på spørsmål om valds- og overgrepserfaringar, psykisk helse og kva kontakt dei har hatt med rettsapparatet og helsetenestene.

Ein av tre jenter og ein av fire gutar oppgir at dei har opplevd eitt eller fleire overgrep. Dette er noko lågare enn andre samanliknbare studier, men forskarane er forsiktig med å trekke konklusjonen at det er ein faktisk nedgang.

LES OGSÅ: 1 av 10 jenter har opplevd overgrep

Svik og einsemd
I undersøkinga har forskarane spurt detaljert om kva negative kjensler ungdom som har vore utsett for vald, omsorgssvikt og seksuelle overgrep sit att med.

– Voldsutsatte barn og unge føler skyld og skam for det dei har vore utsett for. Dette er viktig at me veit, fordi det i liten grad er assosiert med det å søkje hjelp. Desse kjenslene har òg ein sterk og signifikant samanheng med psykiske helseproblem, fortel psykolog Siri Thoresen, som er ein del av forskingsteamet.

Ifølgje psykologen er skam og skuld kjensler som oppstår i møte med andre, og verkty me brukar for å evaluere oss sjølv. Skam handlar i denne samanhengen om å sjå ned på seg sjølv, vere uroleg for kva andre vil tenkje og difor prøve å skjule det som har skjedd. Skuldkjensla har ofte samband med at den som er utsett bebreidar seg sjølv for det som har hendt og at ein ikkje avverja det.

Halvparten av dei som vert utsett for overgrep fortalde at dei kjente seg einsame. Fleire fortalde at dei følte seg svikta av omgivnadane og èin av fem opplevde at andre trakk seg bort.

LES OGSÅ: Mindre rus, meir stress

– Vaksne må tørre å snakke
I 2015 har Redd Barna trappa opp kampen mot seksuelle overgrep mot barn og unge. I samarbeid med ti norske byar vil dei spreie kunnskap og slik førebyggje seksuelle overgrep og bidra til at alle born vert sett, høyrt og trudd.

Lars Due-Tønnessen i Redd Barna er ein del av kampanjeteamet og er ikkje overraska over at dei som vert utsette for overgrep ofte føler skam, sidan seksuelle overgrep er eit så tabubelagt tema.

– For det første er det viktig med meir openheit. Me må snakke om seksuelle overgrep, NRK må lage fleire program om det og det må inn i barnehagane. Vaksne må tørre å snakke, det er det einaste som hjelper. Dette er i stor grad tema me ikkje kan, vil eller tør snakke om. Når borna ikkje får ein sparringspartnar som fortel dei at det ikkje er di skuld, er det ikkje rart dei føler skuld, seier Due-Tønnessen, som vil at seksuelle overgrep skal bli eit naturleg samtaletema rundt lunsj og middagsbord.  

– Mange trur at det kan framkalla angst hjå born om ein snakkar om seksuelle overgrep, men når ein lukker døra for slike spørsmål og born skjønar at dei ikkje kan snakke om det, endar dei opp med å bebreide seg sjølv, seier han.

LES OGSÅ: Barneombodet: – Alvorlege manglar i helsetilbodet

Gruppesamtalar
Forskinga syner òg at valden og overgrepa sjeldan når politi og rettsvesen, og at fåtalet av av dei utsette søkjer hjelp eller har fått medisinsk behandling i etterkant av overgrepa.

Barneombod Anne Lindboe meiner funna om kjenslene til dei som har vore utsett for overgrep er viktig i arbeidet med å avdekkje og hjelpe dei som vert utsett.

– Me må ta eit oppgjer med desse tabubelagte temaa. I tillegg trengs fleire lågterskel behandlingstilbod. Då me gjennomførte rapporten «Helse på barns premissar» kom det fram at overgrepsutsette ikkje føler dei får god nok oppfølging. Tilbakemeldingane er at dei tykkjer det er bra å samtale om ting i grupper med andre som har opplevd det same, slike tiltak bør leggast meir til rette for slik at dei ikkje føler seg så einsame, meiner Lindboe.