– Vi kan redde fleire ved å snakke om sjølvmord

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi må snakke om sjølvmord

– Eg har sjølv opplevd sjølvmord i nær familie, og eg kjente at eg hadde mange tankar om dette som ville ut, seier Bokneberg om debutromanen.

Lukta av våt jord om natta handlar om Mie, som saman med søstera Rakel og faren, bur på familiehytta etter at mor i familien har tatt sjølvmord. Mie føler at dei to andre såvidt sørger over bortgangen hennar, og forstår ikkje korleis livet kan gå vidare. På hytta har dei så mange minner om mora, og Mie tenker ofte tilbake på dei. Korleis kan familien snakke saman om det som har skjedd?

Det var dei intense kjenslene rundt dette som gjorde at Bokneberg valde sjølvmord i familien som tema. Det å innsjå at alle sørger forskjellig, og på sin eigen måte. 

LES OGSÅ: Det er ingen som trur at toastmasteren skal gjere sjølvmord

– Trur vi kan redde fleire
Ifølgje forfattaren er det nettopp kjensler som er utgangspunktet i boka. Kjensler som er vanskelege å skildre, og som det ikkje er nokon fasit på.

– Dette med sjølvmord har lenge vore «farleg» å snakke om, fordi ein har frykta ein smitteeffekt. Eg trur vi kan redde fleire ved å snakke om det. Dersom vi kan prate om ubehagelege, vonde ting, gjer det at vi kan ha det samfunnet vi eigentleg ønsker oss, seier Bokneberg.

Ho understrekar at dette ikkje er ei bok om å ha lyst til å dø. Det er ei bok om det å bli etterlaten. 

– Alle sørger forskjellig. Dette med kommunikasjon og relasjonar opptar meg, og det er viktig å anerkjenne dei kjenslene ein har, seier Bokneberg.

LES OGSÅ: Hypnose gav Linnéa Myhre idé til roman

Professor:  Ein enorm variasjon av kjensler
Ifølgje professor i samfunnspsykologi, Torill Christine Lindstrøm, finst det ein enorm variasjon av kjensler etter å ha mista ein kjær person. Ho meiner at det er felles komponentar som går igjen ved ein sorgreaksjon, men at dei individuelle forskjellane er store.

– Det kan verke som at tabuet rundt sjølvmord har forsvunne meir, men det er framleis ein forferdeleg ting for dei pårørande. Sorg, sinne og skyldkjensle vil ofte vere til stades, seier professoren.

– Kva slags hjelp kan etterlatne få?

– Prestar, psykologar og Kirkens SOS kan hjelpe, men ofte er det alminneleg varme frå menneske i nærleiken som kan hjelpe best. Vennskap, omsorg og kontakt appellerer til eigen meistring, seier Lindstrøm.

LES OGSÅ: 1 av 6 unge har sjølvmordstankar

Pakka ut si eiga bok
Lukta av våt jord om natta får sin eigen slippfest på Litteraturhuset i Bergen fredag 9. september, men er allereie lansert i ein del bokhandlar. Bokneberg jobbar sjølv i ein bokhandel, og synest det var fantastisk å pakke ut si eiga bok.

– Det var heilt magisk, seier Bokneberg, som no vil halde fram som forfattar.

Etter fleire år som fotograf hadde ho lyst til å uttrykkje seg på ein ny måte.

– Eg har alltid likt å skrive, men trudde ikkje at eg var god nok. Eg blei derfor veldig glad når eg kom inn på Skrivekunstakademiet i Hordaland, og følte at nokon trudde på meg, seier ho.

Skrivekunstakademiet tar inn berre 12 studentar på det første året, der ein får opplæring i skjønnlitterær skriving. Allereie her starta ho på det som no har vorte romandebuten hennar.

– Det var gøy og kreativt å skrive, særleg fordi eg trudde eg ikkje kunne det. Eg tenkjer at eg kan formidle noko meir presist og gjenkjenneleg i ei bok enn eg kunne gjennom eit fotografi, fortel ho.

Det same seier ho om målform. Opprinneleg skreiv ho boka på bokmål, men følte etter kvart at temaet kom fram betre gjennom å skrive nynorsk. Nynorsk var òg eit føremon for forlaget Samlaget, som gjev ut boka.

– Eg omsett det sjølv, og merka at innhaldet kom betre fram på nynorsk. Det var i det heile ganske fascinerande, seier den nybakte forfattaren.

Faktaboks

– I gjennomsnitt tar 530 personar livet sitt i Norge kvart år. Nesten 400 menn og rundt 150 kvinner utfører sjølvmord årleg.

– Omtrent 10 gongar fleire forsøker å ta sjølvmord. Cirka tre gongar fleire kvinner enn menn forsøker å ta livet sitt.

– 60 prosent av sjølvmorda skjer i aldersgruppa under 50 år.

– Ein reknar med at nokre sjølvmord er skjult som ulykker. Ein del dødsårsaker kan også vere skjulte sjølvmord.

– Sorg er ein reaksjon som kan få mange uttrykksformer. Somme mister matlysta, blir søvnlause, får minnesvikt, uklart syn. Somme kan bli hektisk aktive, mens andre blir apatiske.

– Når sorga blir særleg tung, kontakt nokon du kan prate med, anten i nærmiljøet eller i hjelpeapparatet. Landsforeininga for pårørande innan psykisk helse har telefon: 22491922.

Kjelde: Folkehelseinstituttet og Helse Norge