VG tek steget til tv-skjermen i stova

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

VG tek steget til tv-skjermen

I samarbeid med Canal Digital startar VG ein 24-timars aktualitets- og nyheitskanal som parabol- og kabel-TV-sjåarar kan ta inn.

Den nye TV-kanalen får nyheits- og aktualitetsstoff både frå VGTV og dei andre avisene i Schibsted-konsernet som lagar TV for internett i dag, ifølgje VG.

– Vi har allereie vist at vi spelar ei viktig rolle for TV-nyheiter, spesielt på livedekning av hendingsnyheiter. Difor satsar vi no endå kraftigare på dette, seier Jo Christian Oterhals, som er administrerande direktør og redaktør i VGTV.

Den nye TV-kanalen vil difor hovudsakleg tilby live- og direkteformidling av hendingssnyheiter frå inn- og utland, og ikkje vera ein vanleg programmert TV-kanal.

– Vi vil enkelt og greitt laga TV for TV-skjermen, men på premissane og forma til nettet. I VG kan vi vera meir kyniske i vala vi tek og prioriteringane vi gjer enn det mange av konkurrentane kan, i og med at vi ikkje har ei form, eit publikum eller eit knippe TV-kanalar å ta omsyn til i utgangspunktet, seier Torry Pedersen, ansvarleg redaktør i VG.

Det er i første omgang kundane til Canal Digital som vil kunne få inn den nye TV-kanalen frå november. Det gjeld både parabol- og kabel-TV-kundar. (©NPK)